Det er ikkje alltid at Roy Martin Øyjord og eg er enige om ting. Men det tvinger fram respekt for ds sine Skakke produkter. Han har som grunder arbeida fram eit matprodukt (kaldrøykt laks og aure) som har slått til og den eine
politikaren etter den har stått på sidelinja å klappa begeistra i nevane. Men så har han ,som mange andre, fått koronaen midt i fleisen. Gode kontraktar som før pandemien bar håp om ei god businessframtid vart med
pandemien lagt døde. Støtte har han ikkje sett noke til, dog 40000 frå kommunen. Politikerane som begeistra hadde klappa i nevane snudde ryggen til. Det er eit trist lesestoff om ein arbeidskapasitet som Roy Martin utvilsomt er, som sto
p,å trykk i Grannar i dag.
Der fortel Roy M at butikkprisen på oppskoren laks eller aure er rundt 549kr/kg. Gevinsten for Øyjord er vel 50kr. Då har han foredla , pakka og levert til grossist eller direkte til butikk.
Men så skal grossistane, transportørane, butikk kjedene ha sitt..etter min ringe mattekunnskaper ..rundt 500kr/kg. FEMHUNDREKRONER. Det må jo væra noko steike gale her ein plass? Altså 500kr/kg , for å bære
inn på kjøla, ofte berre på å ta opp av kassen med røykelaks i , legge på plass i butikkhyllene , lage ein liten plakat om prisen og så slå inn i kassen (mange ganger slipper de jo det også for
kjappe kunder ordner det sjølv) . Joda de skal vaske å holde orden i butikke også, men det må jo være måte på. Spør du meg så er det rimelig vanvittigfordeling av prisen på ei heilt vanlig vare
. Og dette er visst Øyjord er så «heldig» at dei i det heile tatt vil ta imot varen frå han. Dei skal jo helst bli tatt i mot og destribuerte frå spesielle grossistar . For i matvare hirarkiet er det strenge rangordningar
og dei største klapper skuldrene til kvarandre. Eg tipper det er slik for mindre produsentar , om du tapper for sal heimeprodusert sider, lager dei mest fantastiske pølsene heime på den reine benken eller som Øyjord lager eit flott
produkt.
Men blårussen som sitter på toppane i matvarebransjen er ikkje lette å vippe av pinnen og få rettferdighet i markedet ifrå. Blårussen som enten er som Rema arvingane med x antall jetfly, ståande å
vente på Vernes, eller dei som har aksla seg inn som «Livet ditt» Coop og som sitter i ein kameratgjeng av eit styre , med mange mange millionar i løn kvert år, og som neppe noken gong er på val. Like usmakelig er det.
Å ikkje er det vel stort betre å dra til Sverige heller, sjølv om det er billigare der. Blåruss er det i Sverige også, heilt sikket.