Blogg

Storparten av folket i kongeriket er imot å vere fullverdig medlem i EU. Vi har hatt to folkerøystingar som viser eit nei til unionen. Det siste i 1993 var det eit close race..men eit nei vart det. Det rare er at i stortinget og regjeringa viser ikkje nei frå folket igjen. Her er det overvekt frå  AP, Høgre, Venstre, halve Frp og ein del frå Mdg so, og alle er svorne tilhengerar. Dei største partiene er jo Ap og Høgre , som også har hatt flest i regjering og statsministrane og ministrane i dei forskjellige regjeringane etter 93 har mot folkets stemmer og vilje dratt oss meir og meir inn i blekkspruten EU sine armar. Storting og regjeringane har vore i utakt med sitt folk. Vi har fått tredd EU sine lover og forordningar nedover oss , utan at det har kommet eit pip til motmæle frå våre topp folkevalde. Grunnlova vår er sett til sides , det er Brussel sine lover som gjeld. Rettsapparatet vårt har vore Stortingets lydige støttespelerar og har sett sitt stempel at det er lov å forflytte all makt til unionen. Det har vært ein tvilsam ukultur innpakning som går imot folkeviljen . Smarte lobbyister og politikere pakker naturøydeleggingar inn i grønn innpakking og det er snart fritt fram for det meste. Alle veit ka som gjeld, Acer, Vindmøller,elektrifisering av sokkel pluss mykje anna.

Er det ikkje snart at den vanlige mann får komme på banen og få medbestemmelserett. Kan det være så vanskelig i 2021? Vi kan i eit direkte demokrati få vera med å bestemme i store , dyre, saker som får store konsekvenser for alle. Som td det å slå saman fylker, vindkraft til lands og til vanns, store dyre vegprosjekt, vannkrafta vår, «grønn politikk», meir oljeleiting ,slike saker.

Store tunge saker bør ikkje bestemmes av eit Storting og ei Regjering aleine. Som over beskreve er dei ofte på kollisjonskurs av folket.

Vi er så digitalisert at vi kan vera med å stemme over saker via nettet. Vi har unike emailadresser, telefonnr. Bankideer.    Vi behøver ikkje gå igjennon den tunge mølla som vi gjorde når vi hadde folkeavstemmingar som den gang i td EU avstemminga.

I eit vanlig stortingsval er vel frammøte ca 75% (utan at eg har slått det opp). Sei at 45% av folket vil sende inn sin stemme over ein viktig sak via nettet , så har våre politikere ein god peikepinn og skal rette seg etter det. Eg behøver vel ikkje minne om salige Erik By sine bevinga ord om at politikerane er vald inn av oss og er våre tjenere og bør rette seg etter det.

Kan det vera så vanskelig da?

Har nettopp kjempa ein 12 runders tittelkamp..om kem som er herre i eige hus. Eller rettelse: Kem som er nr 2 i våres hus, for fruen er jo sjølsagt sjefen. I alle fall det har vært ein knallhard kamp , ialle rundane. Meg i mot varmepumpa, den indre delen. Kampen har tatt bortimot ei uka..

Heile 1erste og 2andre  runde var var å finna ut på kor den snikaned elendige lukta kom ifrå. Det lukta som det skulle vera   sjøldaua mus(er) inni skap eller vegg i og eller rundt kjøkkenet . Ingen mistenkte vpumpa ..vi rydda utav kjøleskap, vaska i skaper heiv ut ting som var over dato. Salonivået på ei ganske så store flaska minka skikkelig, diverse sprayflasker var tømde…men like gale.

I slutten på andre runde vart mistanken forsterka..syndaren kunne vera varmepumpa. I 3dje runde vart filtrene i pumpa tatt ut , støvsugd , vaska i salovatten og tørka..Inn med de og på med pumpa…men lukta var der nesten like gale.

I 4de runde vart det krangel med sjefen nr 1 og eg ..skulle vi få tak i eksperthjelp før vi dissekrerte pumpa før meir reinhald.  Sjef nr 1 meinte at dette var ein jobb for spesialistar..Eit slik utsagn er jo som å fata i krutet til sjef nr 2 (meg). Eg har vel, som dei fleste av ikkje vært oppfinnar av akkurat det, men eg har vel, som dei fleste av oss igjen, klart meg.  Og hadde eg nettopp skifta bremser og dekk på bilane våre, og eg har skrudd på og skifta olje på  dieselmotorane i båtane våre..så kom ikkje der.

Så i 5 runde vart skruer skrudd ut, deksel tatt av , spraykanne med mildt vaskevatn tatt i bruk. Deksel og skuer på igjen ..men lukta var der..nesten verre enn før.

I 6 runde var det full planlegging på ka vaskemiddel ein skulle bruke..

7ende runde vart brukt til å tråla youtube etter folk som har vore i same situasjon. Her var det nesten berre spesialistar , men vi havna på eit opptak av ei norskspråkelig ei ..og ho løyste problemet sitt lett som berre det. Og ho brukte kraftvask på sprøytekanne..ikkje noken sarte vaskemiddel der i gården.

I 8ende runde vart det full avkledning av vifta igjen , no skulle ho (vifta) til pers. Vi gjorde akkurat so ho på youtube ..vaska med kraftvask, spylte spindelen med ferskvatn i dusjen , fekk spindelen omsider på igjen, sette på straumen…men nei..om enn litt svakare, lukta var der.  Vi såg med gru inn imot jula og det å kanskje måtte koke pinnakjøt med ei daumuslukt i nasen.

Sjølv om sjef nr1 og sjef nr 2 syntes det begynnte å komma seg litt så var det eit slag i ansiktet då Marcoen kom heim etter langtur frå eit EU land , rynka på nasen og forkynte at det lukter fjos her…Gode råd var dyre og i 10ande runde vart pumpa, (indre del) skrudd få kvarandre igjen..nok eit forsøk. (Eg såg for meg at ei nye pumpa måtte kjøpast inn og som dermed slo ihel all tanke på å få råd til  julegåver)

Med hanskekledde hender vart pumpa for n-te gong vaska med kraftvask og skyllt med H2O. ..det var i runde 11.

Så no i runde 12 brummar pumpa der oppe på veggen ,  stanken har stort sett forsvunne , det er nesten for godt til å vera sant. Eg kan slå meg på brøstet å ropa at eg er ein god nr 2 i Ulsets casa pga av sigeren over ei vrien varmepumpe.

Det har vore ein lange og harde kamp…også med litt hjelp frå sjef nr 1 si hjelp.

Vi håper og trur at lukta frå pinnakjøtet ikkje får konkurranse  denne jula.

Salige William Shakespeare skreiv i Hamlet at «Something is rotten in the state of Denmark.» Som jo er beskriv korrupsjon og andre tvilsame ting som hende i  Danmark på den tida, rundt 1600.  Sjølv om vi skriv 2021 så er det lett å omskriva at det er noko rottent som går føre seg i staten Norge.

  • Slår vi opp ordet korrupsjon så dukker det opp: Passiv korrupsjon er å kreve, motta eller akseptere et tilbud om en utilbørlig fordel (for seg eller andre).
  • Aktiv korrupsjon er å gi eller tilby noen en utilbørlig fordel.                  

Det er vel ting her som passer godt inn i det som kver einaste dag hender i kongeriket Norge. Også på heilt i toppskiktet i politikken og med personar som vel skulle vera eit føredøme for oss lenger nede på rangstigen. Vi veit jo at stortingrepresentantar er dårlig i rekning når dei skriv reiserekningar. Berre i førre veka står det ei frå AP, som i botn og grunn har gjort seg til kjeltring for småpenger, lusne 120000kr, og må derfor stå skulerett i retten og beklage at ho ikkje husker (?).  For eit par år sia var det vel ein frå FRP som rota det skikkelig til skreiv med gaffel og var vel ca 500000 skeiv.    Han fekk vel og ein dom på 11mnd. Og vi veit at

Krferen Ropstad skreiv at han budde på gutterommet heime på Jæren, mens han og familien  jo eigentleg hadde eige hus i hovudstaden, som var leigd ut (?) og då måtte han jo  ha ein plass og bo og då fekk han jo (gratis(?)) stortingsbolig..    Noke i same gate har jo no ho som er stortingspresidenten , rangert som nr 2 i Norge, blitt tatt for..med kanskje litt forskjellig ordlyd, men korrupsjon er det same fa…

Det er vel toppen på isberget vi no ser er kommt til overflata.    Og vi veit at volumet under overflata på eit isberg er mange mange ganger større enn det som over.

Eigentleg så er det berre trist at flinke folkevalde roter det skikkelig til for seg. Men korrupsjon er det , ein kjem ikkje unna det. Dei bør ta sin hatt eller paraply å gå frå Stortinget og sjå til at dei aldri meir kjeme på ei politisk liste.

Men det er så visst ikkje berre politikerane som korruperer seg , kongeriket er full i korrupsjon.

Som korrupsjonsjeger Eva Joly seier om dei som har drevet med vindkraftutbygging , som Statskraft og  rota det til både for natur og oss brukerar av natur og forbrukerar av straum:  Dei skulle fått sparken heile gjengen.

Eller som når ein av lovens lange arm har skjete på draget..Då får vi høyra at det er politiets spesialenhet som skal ta seg av dette. Då kan vi berre riste oppgitte på hovudet for vi veit at denne tenestemann/eller kvinne aldri blir straffa, same kor alvorlige lovbruddet er. «Hederlige» unnatak her i Jensen saka..men då var lovbrudda såpass at spesialenheten ikkje kunne gjømme de vekk.

Så hadde gamle gode William levd i dag kunne han ha skreve Hamlet del 2 om korrupsjon  i kongeriket Norge, boka hadde blitt svært tjukk..                    

DSHNMD (deisomharnokemeddet) i samfunnet prater i innpust at tempen må ned,olja må fasast ut,vi må bli grønnare enn grønt osv. mens dei på utpust smilande seier at det private forbruket gledelig nok vil auka med 11% til neste år...

 

Dette henger jo (som vanlig) ikkje i hop. Nei min medisin er: Back to the sixties.. Då var vi grønne då, vi plukka bær i skogen, hadde gris i uthus i hagen der middagsrestene havna og som vart forvandla til julemat i des. Coop var Samvirkelaget med ein bestyrar og ingen lureri med livet ditt og griske pengeflytterar på toppen, vi hadde post kver dag, skikkelige bensinstasjoner der de solgte vindusviskere og ikkje pølser..Volvo Amason og engelske Hilman mix og VW, Triump,og Tempo motorsyklar, Evinrude påhengsar, husbankhus med få kvadrat, ingen hyttebyer, vi kunne stupe fra kva svaberg vi ville og sole oss på kva strand som helst. snekkene var max 27fot og gjekk  7kn, sabben brukte max 2l/time. kun 1 tvkanal, men vi hadde jo Erik Bye , Fjeldstad , Hafslund og Tanberg. Meir enn nok, Ja og så hadde vi Vidar Lønn Arnesen i radioen, Vi hadde St. Pepper og Rolling Sones på vinyl. EU ulven var berre på tegnebrettet. Vi spelte i band på lugubre ungdomshus med dårlige golv, men vi hadde mykje betre hyrer enn no tildags. Musikken var knallbra ..gitar/og trommesoloane lengre. Ungdommen utdanna seg til mekanikere, handverkerar og ikkje til økonomar.   

Ting som vi godt kunne klart oss forutan den tida også var atomkappløp, (Vietnam)krig..men her ,50år etter er vi ikkje kommt lenger .. no er det dronekrig og smarte bomber ..Saltavtalene om mengden på atomvåpen var vel dengang at vi berre  skulle ha våpen som kunne øydelegga jorda 27gonger , no er det vel eit slik fast mål uaktuellt, like greitt.  Då hadde vi Håkon Lie som am støttespelar nr 1, i dag har vi Jens Stoltenberg.

Sjølv om Kennedyane og drKing vart myrda i det 10året og korkje amerikanerane eller russerane har lært all verden av tapte krigar, så er vi vel ikkje kommt stort lenger på det området i  dag.

Men alt i alt så var nok trykket på natur og moder jord mykje mykje mindre på den tida. Skal vi klare å stabilisera middeltempen på moder jord og stoppe auka temp ..må veksten i forbruk og økonomi få minus fortegn , gjerne med 11% pr år i lang tid framover. Vi må sleppa fornuftige folk til og for all del ikkje la oss styra av økonomar..

Ein av EU kommisjonen topper ser dystert på framtida trur at barnebarnet vil få det knallhardt og at livet hennar eller hans blir ein drakamp om mat og vatn. Ein slik byråkrat er vel på toppen av kransekaka, med privatsjåfør , sekretær, mange opparbeida flybiletter, egen husbåt på Rinen, jakthytte i Svartswald, vinteruke skiing i Alpene +++++masse andre  goder.

Eg foreslår at mannen begynner eit nytt og bedre liv og starter med seg sjølv og med familien sin. Mersje SUVen og den lave italienske må vekk frå garasjen, Cessnaen som han deler med andre overbetalte byråkrater må også vekk. Den 50fots husbåten kan byttes i ei norsk 25fots snekke som innføres frå Norge..Finkulturbiletter som til Operaforestillingar ol må det reduserast kraftig på. Gåselever blir bytta ut med lever og pølse på matbordet heime.

Han  må gå over livet sitt med rødblyant og redusera eige forbruk. Hvis han meine alvor så kan han jo skrive til sin yppersteprest i EU hirarkiet og forlange at årslønna ned med i alle fall 3 mill.

Når han har gjort dette begynner det å likne truverdighet og han kan sparke og stikke nedover med sparekniven sin. Kanskje han klare å lage ein kjederedaksjon i Brussel….tviler..men men.

 

Men hvis..hvis slik blir sett i system så er det rom for kvermannsen til å starte sin eigen kamp for eit bedre miljø..

Vi kan starte i garasjen vi også..bil nr 2 og 3 må vaskes å settes på Finn ,no. Foreldrene våre var i himmelen då de, i si tid  kunne innlemme ein 240 i fam. Det burde holde for oss også..iallefall med ein , fambil. Når «nye» bil skal inn i fam skal nyere biler på Finn.no foretrekkast. Best er det jo sjølsagt hvis den «gamle» kan fixses med deler frå bruktmarkedet..Personlig så har eg to halvstore båter.. den eine bør inn på samme nettstad.  De med  hytter  på over 150kvadrat.. kan redusera kvadrata…kanskje med ein skillevegg midt i hytta så kan hyttelause kjøpe seg inn.. Som regel er det 2 bad/wc  og bastu i i dagens standard så det er i kjeme igjennom nålauge. intet hinder for at badstua kan bygges om til kjøkken i del 2.

Så blinder vi igjen det eine auge og går laus på klesgarderoben.. Berre «fornuftige» kler og sko takk. Freetex bør besøkast hyppig. Øydelagte tver og oppvaskmaskiner fixses av reparatørar (om slike finnes). Sokkar med hol i SKAL bøtast heime.  Alle kan sy med ei nål eller? Det å gå å «sjoppe» er eit ikkje tema. Gjelder for oss gutta på Biltematur også..berre å kjøpe det som står på lappen ingenting anna.  

Data utstyr og bruk må minkast ned ..mykje . Dei grøne håpfulle må ikkje rekna med å få sitta meir enn ein time pr dag med å spilla. Det gjelder også vi vaksne også….ein time pr dag. Husk databruk er ein skikkelig strømtjuv..Dette siste blir sikkert mottatt med trampeklapp av dei yngste «grøne».. Det er jo Tunberg og co som går hardast inn for saken, dei vil nok sjå til at alle er med, så her har vi eldre mye å lære..

Viss det lukter litt «before the oil» tid av alt dette så er det sikkert riktig. Vi overlevde , på eit enklare plan, før oljå også..Så vi kan prøve, du veit alt for ein betre verden.

Dette var små stikkord kva vi kan gjera på heimeplan…kanskje ein god start.  Så kan vi begynna i nærområdet, i landsdelen og gamlelandet. Så er vi litt betre kvalifisert til slå rundt oss med de rettferdige sitt klimasverd..kanskje.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.