Søker ein på ordet korrupsjon på nettet kjem det opp nesten ein halv million sider. Saksa frå økokrim sine sider: "Korrupsjon er et globalt problem, med betydelige samfunnsmessige skadevirkninger. Korrupsjon utgjør
en trussel mot rettsstaten, demokratiske prosesser, menneskerettigheter og sosial rettferdighet."
Vi likar å tru at dette er eit problem som bananrepublikkar har…men diverre er det ikkje slik, vi her oppe i steinrøysa vasser
i dette også. Når ein åpnar ei avis ,søker på nettet eller kanskje har ein sjølv, i sitt privatliv vore utsett for dette uvesnet.
Berre i den siste tida kan ein lesa om ting som hender med offentleg velsignelse:
Eit barnevern som er uthula av profittjegerar som med sine eigne firma kan utmatta ein kommuneøkonomi. Vi ser ein oppdrettsnæring der fiskeriministrar sitte godt og varmt oppe på fanget til steinrike oppdretterar. Oppdretterar som ma betaler
null i avgift for alt griseriet som dei utsett våre flotte fjordar med.
Vår makthøgborg Stortinget er som ei honningkrukke for lobbyistar som påvirkar våre politikerar. I same høgborg kan ein stortingspresident
bruka ufattelig mange millionar på eit garasjeannlegg og som likevel får støtte til å verta sittande av våre folkevalde.
I rettsalane sitt der ein maktelite som skal dømma deg og meg upartisk, men som gjerne sitt
i dei same gutteklubbane og losjer privat. Dommare vert jo også headhunta frå ein advokatstand som har vore skreve mykje rart og negativt om, heilt sia salige Dickens gjorde det i Victoriatida. No skal vel også juryordninga vekk så
då er det vel ennå meir fritt fram.
Vi skulle kanskje hatt eit korrupsjonsdepartement som vi stakkars vanleg dødlige kunne klage til , når vi vart overkøyrd av ein eller annan instans .
Kanskje det ikkje
burde vore eit departement, for då får det jo ei litt politiske slagside med ein gong. Kanskje det skulle vore tatt modell frå ein organ som Forbrukerådet . Eit råd som jo skal være der for deg og meg i forbrukersaker og
tvistar.
I eit slik korrupsjonsråd burde det vore snøkvite og truverdige ansette som aldri har eller tenkt å setta sin fot i ein gutteklubb noken gong. Og hvis det nokon gong hender at ein ansett vik frå denne smale sti må
det i alle fall ikkje vera slik som det er når ein politimann eller fleire har vore på ville vegar. For her vert jo sakene undersøkt av politiets eige etterforskningsorgan. Då vert det heile berre latterlig.