Joda eg har jo vore på noken teaterframsyningar oppover. Den første var vel i Bergen , såg Per Gynt der Sønstevold radbrekte musikken . Men nå eg gidder ikkje sjå fleire oppsetningar av Ibsen, eg gjer blanke
i kor det vert av Nora og Tsjekov med (eg hater) Måker ....
Teater er jo kunst og kunst skal vel og væra litt oppdragande for oss vanleg dødlege. Dei som skriv for teater bør ta tak i tidaktuelle problem
å skrive om. I staden for at «Medan vi venter på Godot», kan det verta «Medan vi ventar på sjukepengar frå Nav».
Eg kan hjelpa skribentane i gong med til eks. «Ein heilt vanleg
dag på Nav Karmøy». Som er basert på ein sann historie , som det står på rulletekstane i filmane. I ei av dei mange historiane handlar det denne gongen om ein unge familiefar, arbeidsam og som er pliktoppfyllande
og tar seg av sin lille familie. Han var imidlertid uheldig å fekk seg ein smell..etter sjukehusopphald og langtidsjukemelding vart han prisgitt Nav Karmøy. Det gjere ein ikkje ustraffa. Ein liten familie på 4 treng mat og pengar til
livsopphald og ein skulle tru at det å få utbetala sjukepengar er ein opplagt og smale sak. Men ikkje på Nav Karmøy. Viss ein var/er så heldig å få audiens, (ikkje heilt enkelt som vel er gjengs for dei
fleste Nav kontor i landet. Har enno ho på netthinna, ho som sat utafor,på kalde steinar , eit Nav kontor på Søraustlandet og venta på å verta tatt inn i varmen.)
Men altså i denne unge mannen ,
for meg og dei aller fleste andre, var ei opplagt sak, vart det sagt at det stadig vekk mangla papirer for å kunne utbetala sjukepengar. Tida gjekk og i det neste møte hadde visstnok DEI papira på mirakelaust vis dukka opp likevel,
men at det no mangla nokre andre papir som måtte til for å kunne betala ut den sikkert formidable summen av sjukepengar som den unge familiemannen har/hadde rett på. Så utbetalinga måtte stå på vent. På
spørsmål frå den unge familiefaren om dei i alle fall ikkje kunne få såpass at dei kunne gå til innkjøp av mat til sultne ungar? Nei det gjekk ikkje , det kom under sosialhjelp og det kunne ta fleire veker i å
verta innvilga.
På veg ner trappa frå det aller helligaste vart det ropt etter den uheldige unge familiefaren ..om dei ikkje i mellomtida kunne låne pengar frå slektningar?
Så her teaterskribentar og andre…hiv
gamle manuskrift og tilhøva i Russland rundt om 1900 på bålet..i den rike velmeinande staten her nord er det masse å ta tak i ..å skrive om.