I og med at ein som pensjonist ikkje treng å setja seg i bilen , tidleg om morgonen, for å dra ut i eit meir eller mindre hektisk arbeidsliv, for å henta inn noken kroner til å halda hovudet over vatnet og/ eller for å
halda kemnaren og innkassoselskapa på avstand, så har ein god tid om morgonen til å lesa.
Lesa kansje to, av og til tre, aviser . Papiraviser må veta. Papiraviser som er litt våte etter vestlandsregn, som er litt
krøllete etter nevane frå ein nattarbeidane sjåfør i ein liten varebil. Ein sjåfør som kanskje ikkje er så sterk i det norske språk. Papiraviser som ikkje alltid vert levert i rett tid ,tidleg om morgenen.
Då MÅ ein jo inn på nettet for å få med seg det same ,ikkje så bra. Ein er jo etter mange mange år vane med papiraviser og det å bruka nettet må jo vera ei avvennig på line med å slutta
å røyke eller ennå verre , redusera kaffibruken.
Men altså det å lesa. Ein les storpolitikk, lokalpolitikk, lesarbrev , annonsar frå Felleskjøpet, leiarar, innlegg frå meir eller mindre skarpskodde,
om nye bøker og musikk , dødsannonsar og av og til minneord over folk som ein ikkje kjenner.
Så altså eit minneord i dag over ei som har jobba som lærar i skuleverket heile livet. Minneordet er skreve av ei som
starta i første klasse på folkeskulen med denne dama som var nyutdanna som sin sin første lærar. Her var kjemien på plass og den nyutdanna sette djupe spor etter seg i eit barnesinn som ei forstandig lærarinne som brydde
seg , ei som nok var fødd inn i ein slik jobb. Førsteklassingane sat som tende ljos og fekk ein god start for å takla livet vidare.
I minneordet vert det skreve at dei etter kvart vart kolleger og at den avlidne også
hadde vore lærar for innskrivaren sin yngste . Og ho hadde også med same kløkt losa denne inn på same stigen.
Godt å lesa om slike ting og eg sendte både denne lærarinna og min første lærarinne
,Astrid Wintertun ein venleg tanke.
Slike lærerar skulle kanskje dei skuldige for brannstiftinga for dei etter kvart mange nedbrendte skulane rundt , ha hatt.