I dei første åra då eg jobba i Litledalen/Hardeland som Elektromaskinist/Maskinmester , så låste vi knappt dørane til stasjonane når vi var på jobb. Vi var på kontrollrommet , og ofte kom
det folk ned trappene . Folk vi knapt nok kjente. Dei kom slentrande inn mellom Generator og Linjebryterar..ville kjøpa fiskekort eller høyra om vær og føretilhøve på fjellet. Aldri om det hente noke dramatisk om folk
var tett inn på hjarta til strømforsyninga på Haugalandet. Fransisane i Litledalen og Peltonane på Hardeland summa og gjekk og produserte strøm på ein ok måte ut til det norske folk. Vi hadde full kontroll med vannstand
i magasina. Køyrte ned på sommaren for å ta i mot haustregnet. Alt var lagt opp oversiktelig og greitt for å levare strøm ut til folket. Vi kjøyrte ut konsesjonkraft om sommaren slik at Litledalselva ikkje skulle gå
tomme..laksen, for då var det både laks og sjøaure ,fikk sitt. Om enn i minste laget etter min smak..men..men. Så kom vi inn i Northpool. Ein nordisk kraftbørs. Då vart det med eingong meir penger i spelet. Leiarskapet
i kraftselskapet vart også skifta ut på toppen. Ut med sivilingeniørane og ingeniørane og inn med blårussen. No skulle det tenast penger. Alt skulle snuast på. Arbeidsmiljøet ved kraftstasjonane vart nærmast
lagt øyde..sentraliseringa var igong. Alt skulle ut og fjernstyrast frå Haugesund. Konsesjonskrafta vart køyrt ut i ein smell…dårlig butikk for blårussen å tenka på vannstandvs laks og sjøørret.
For å komma inn i ein av stasjonane no,krevest det plastkort med ein masse underskrifter og godkjenning av HMS…viktig viktig.
No etter regjeringas antagelige svik er det vel berre å lage dublikatnøklar til EU
og kremmerane i Acer..
Vannkrafteventyret har vel ein 120 år på baken her på berget. Eit fantastisk eventyr som vi alle har nytt godt av. Men dei siste 20åra har blårussen og kremmerane jobba for at vi skal føre
dette evetyret ut av landet..og nå ser det ut til at dei er i sluttfasen av dette arbeidet. Det er rett og slett ei skam.