Blogg

 

I dagens KK (Klassekampen)vert det skreve om den store , stille, småskuleraseringa som har vore her til lands dei siste 30åra, og vel så det. 1500 småskular er raderte vekk, pga av sentraliseringa som er så viktig, viktigare enn noke anna visstnok. I det siste har vi lest at folketalet i dei fleste kommunane er på veg nedøve. Ikkje rart det når styresmaktene sagar av den greina , som små kommunar, sitt på. Småskulane var jo sjølve navet i dei små krinsane. I tillegg til å vera ein trygge øvesikteleg skule, og kanskje barnehage på dagtid, treningslokale, øvingslokale, samlingstad på kvelstid . 

Men leggast ned  skulle dei. Innsparingane var store i slunkne kommunekassar. Mon det.  Berre i vår kommune er det i alle fall 6 småskular som er lagt ned . og nesten raserte.

Vår (Solf. og meg),  sin turkompis , Torodd Fagerheim ,som vi traff og  jamma med, (han spelte trekkspel), på norgåande hurtigrute ,skriv ma i KK :  Ein ung familie som skal stifte bu, vil ha butikk og skule i nærleiken. Manglar lokalsamfunnet det , etablerer dei unge andre stadar. Først fører sentraliseringa til skulenedlegging, så deretter til ytterliggande sentralisering.   Mange viktige ting vert tapte for alltid.

Kan legga til for min eigen del..at noke av det tristaste som ein ser når ein køyrer rundt i kongeriket er mørke fjøs og malingslitte nedlagte skular.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.