Vi slår ofte i bordet med at vi har svært unge utøvane politikerar her til lands, til samanlikning
med land som er naturlig å samanlikna oss med. Men er det eigentlig noke å slå så veldig hardt i bordet med ? Vi både trur og håpar at ein tannlege som ber oss gape eller ein lege som skjære i
oss har brukbart grunnlag , god skulegong og god praksis bak seg før vi sleppe han til. Eg meiner at for å verta ein bra politiker bør ein ha lang og god erfaring frå livets skule. Han/ho skal ofte stå på barrikadene og
gjennomføra saker som kan påverka liva våre i høge grad . Det har neppe ein attenåring som har som bakgrunn noken kosekveldar saman med unge Høgre gjengen sin eller som har ei veke på Utøya bak seg.
Ein attenåring trur eg ikkje kan gjera eit godt nok politisk handverk hvis han blir sendt inn frå sitt distrikt til eit Fylkesting eller enda verre
å entra Stortinget. Eg veit eg trør menge på tærne..men det får ikkje hjelpa. Ein sleppe ikkje inn så unge til å styre og administrere ein supertankar. Vi modnast så forskjellig men eg meiner bestemt at ein
bør vera godt inni siste halvdel av 20åra for å væra med å styra AS Norge. Trur det er best at politikarane våre er frå forskjellige aldersgrupper. Vi har forskjellige behov i våre forskjellige alderstrinn.
Vi liker å tru at vi er nokelunde tatt hand om . Ein kan ikkje forlanga av ein unge politiker at han/ho skal ha tunge nok ballast til å ta hand om ein god pensjonistpolitikk. Like lite som ein 68er skal kunne ha dei gode løysningane på
ungdomspolitikk.. Så for dei som set opp lister til valg er iallefall mitt råd og tenka balanse ikkje på død og liv føra opp folk som er purunge berre for at eit parti skal framstå som friskt og ungt. Ein sender ikkje
inn folk i så viktige fora som Fylkesting eller Storting for at dei skal modna seg. Den modningsprossessen må vera forlengst tilbakelagt.