Blogg

Høyrer på ein god del musikk , rundt om. Men så er eg skrudd slik saman at hvis eg høyrer noke negativt om ein artist,,frå sjølopplevde ting eller at kamerater og vener har negative erfaringar om artisten så går eg aldri på konsert eller høyrer på artisten ellers. Om presse og sladreblader skriv negativt om han spelar ingen rolle ..men det som vener fortel..det tel.

Slik som i helga då eg nemnde ein artist til ein kompis ...eg syntes han skreiv bra og var ok. Kompisen min reiste bust og sa at han aldri i livet sette på noke av han. Eg spissa øyrer og han fortalde. Om då han jobba på ein bensinstasjon før i tida , for eit par tre tiår sia . Så kom denne artisten ofte innom ..på veg frå/til Bergen frå /til spelejobbar. Han hadde fancy bil , fancy dame(r) med seg. Men det var ikkje det , men at han forlangte at kompisen min skulle «sjække alt», olje, viduspylerveske, batterivæske ol.. Dette var jo gratis «før i tida» og mange gjorde vel seg bruk av det. Noken av oss har vel aldri fått oss til det ..men det om det. Iallfall så roper bergensartisten: Har du sjækket alt no? Kompisen min: Yess. Bergensartisten ropte (så alle kundene som var innom, kunne høyre det: «Har du husket å sjække bakakselen også»? Kompisen min: «Nei, det vil jo koste penger». Bergensartisten snudde seg på hælen å for ut. Kanskje var det ikkje inne blant de syv dødsynder..men det vitna iallefall om at denne bergensartisten var svært nære «drittsekknivå».

Om det er bevisst eller ubevisst så blir det ei stund til også eg sette på noke av denne.

 

Ein arbeidskompis av meg var i ein familieselskap nede på Maritim i Haugesund. Det var visstnok ein stor dag og det var fotografert heller flittig. Heilt til ein annan gjest, også dette , ein smørsanger og halvkjendis frå Bergen som ropte ut at det skulle slettes ikkje taes eit bilde som han var med på. Sjølsagt la dette ein heller flaue stemning på heile opptrinnet. Og seinare gjorde iallefall at når den aktuelle artisten kom i ruta så skrudde iallefall eg ned eller heilt av.

Sjølv leste eg om øysamfunnet Espevær som hadde stått på hovudet, i vekevis , der ein masse dugnadstimar var lagt ned i Espeværsdagane. Dei leigde inn ein fetert prest og bandet hans..og han presterte å stikka av med heile overskotet for å få fylla opp det feite salæret sitt.

Etter det har eg ikkje spelt eller trent inn ein einaste sang av prestfaen. Og nåde den som vågar å spele noke av han i ein ev. begravning av meg.

Så konklusjonen må verta at om dei sel godt, vært spela ofte i NRK eller på Spotify..så må de oppføra seg som folk.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.