At det ikkje er noko lukrativt å vera hobbymusikerar , kan vel vi som fusker i den retninga skrive under på. Men vi hadde vel et håp og tru på at dei som entra dei store scenene, talkshowene, festivalane, og backa dei store
stjernene , at dei hadde meir enn til salt i grauten...men nei. KK fortel om eit fattig liv som musikar i bandet til Sigrid. Artisten som omsette for over 16mill i fjor. Sigrid klarte seg nok bra, men musikerane ellers i bandet, fekk ikkje arbeidskontraktar
og måtte nesten krangle med Made, managementet om vanlig lønn. Musikere som gjerne er på vegen 200 dagar i året og som berre kan drømma om fritidsordningane til ein vanlig oljearbeidar, blir altså å finna nederst
på lønnstigane i AS Norge. Er ikkje mykje å driva ein familie med ,pluss at ein får vel aldri banklån til eige hus...ikkje veit eg. Men det er vel som det er i dei kretsane at når hovudartisten og managementet har fått
sitt , så er det lite igjen til sliterane..musikerane, teknikerane,lydfolk, roadies.
Verda har altså ikkje gått særlig framøve sia Joe Cocker og Leon Russel reiste rundt, tidleg på 70talet med
"Mad dog and englishmen". Då Cocker kom heim låg det ein sjekk på ca 500nk og venta på han for vel blåst turne. Ein turne som nok fyllte stadioar og digre konserthus. Kor pengene var blitt av er ikkje heilt godt å sei...
men dei var ein svære gjeng og middagane kver kveld var av det dyre slaget, men det låg vel eit svoltent management i bånn der også, så det blei vel enda mindre til "sliterane"....men berre maten var god så.