Ein gong på 80talet spelte Andoni Goikoetxea for Spania , kalla «Slaktaren frå Bilbao». Det var han som takla Maradoma så hard ,bakanfrå, slik at han var vekke frå banen i månadsvis etterpå.
No ser det ut for at fotballandslaget til Spania anno 2019 er byggd opp av mange slike typar som Andoni Goikoetxea . I gårsdagens kamp i mot Norge , prøvde spanjolane å kvesta dei norske spelerane så godt som dei kunne. Dommaren
prøvde til å begynna med å oversjå dei dirty trixa , men nå Vatsbuen Nortveit fekk ein albue som lagde i det minste ein brest, eller kanskje small det eit ribbein, og måtte ut ,så hagla det gule, fortente kort øve
dei spanske spelarane.
For min del har eg alltid holdt spansk fotball i det heilt øvre skiktet, ved sida av prøysserane , Argentina og Brasil, høgt øve England. Spansk fotball var fullt av lettbeinte raske teknikerar som
kunne gjer under med ballen. Dei vart verdensmeistrar, europameistrar med god fotball. Men no er dei..iallefall i mine auge ramla ned av pidestallen. Dei har ramla ned til ein gjeng ballflytterar som samler på gule kort. Håper at dei
andre landslaga som dei møter har mista respekten. Spania har ein veg å gå før dei gjennvinne den.