Blogg

Ella (89) våknet av at en mann knuste vinduet hennes midt på natta - politiet kom ikke.

Ella Pedersen  ble avvist av politiet i Finnmark da hun natt til søndag ba om hjelp. Politiet vurderte situasjonen til å ikke være alvorlig nok.  Det er ikke første gang politiet kritiseres for manglende tilstedeværelse i Mehamn. Lensmannskontoret i fiskeværet er i dag åpent fire timer, to ganger i uka. Så her hjelper det at innbrudd og slike ting hender i kontortida…då er det sjangse for at politiet har tatt ned beina frå krakken og tatt seg ein tur.

Det er vel slik mange steder i distriktsNorge  Men hadde du eller naboen tatt imot AAP og på toppen hadde tatt seg ein tur til Hirtshals med «Bergensfjord» ei helg..hadde det nok stått ein 4-5 mørkkledde ute på trappa di mandagsmorning. Så hadde de nok lagt deg i jern og tatt deg med. For dei mest rabiate trygdemottakerar, låg vel tvangstrøya klar og ein grei pågripelse , heilt etter politiets HMS bok kunne gjennomførast.

No bruker dei vel ikkje å legga folk i jern lenger, det er vel strips som blir brukt. Eg synes politiet bør sjå på stripsbruket sitt og heller gå tilbake til gode gamle handjarn..Husk at strips er laga av plast og er fy.

Ein ting til som eg lure på er om politiet under arrestasjon må ramse opp det dei gjere på amerikanske filmer. : «Du har rett til ikkje å uttale deg, for alt du seier kan brukast mot deg» eller noke i den dur.  Er det noken der ute som er trygdesvindelar og er/har vore  arrestert , så kan han/ho  kan opplysa oss om dette?

 

Tenker på at det er ei stund til jul , og all den gode matborda som venter oss.  Heldigvis så har vi alle julaborda til å korte ventetida. Så vi får sikkert i oss rikelig med julemat både før og i høgtida.

Men her har eg fått slik merkelig sympati med alle dei rettruande i miljøspørsmåla. Dei rettruande som veit, heilt sikkert, at det går til hælv.. med oss og den litle kloden vår. Dei som får ei bekymra mine i panna når iskanten, CO2 og Johan Sverdrupfeltet , og norsk landbruk vert nemnt. Tipper at svevnproblema m/pillebruk  og andre dystre problem aukar for de.

Men no har dei som er ekstra lærde tatt grep. Såg at universitetet i Bergen skulle ha sitt  julabordet utan å ha kjøtt på menyen. Det vil visstnok bli vegetarmat for alle penga. Det er nok eit grep som i dei rette miljøkretsane som vil vekka stor begeistring og at det  sprer  seg . Zero,  Zefyr , Natur og ungdom, Naturverforbundet og andre andre som er rettruande (når det lønner seg) vil ta opp steikespaden og brune vegetarburgerar godt på båe sider før servering. At Bellona er med i vegetarbølga er eg ikkje sikker på for Mr Hauge ser unekteleg ikkje heilt ut til vera i dei innerste kretsane av vegetarelskerar.

Eg synes nesten synd på miljøfiffen som på julekvelden skal prøve å få litt smak ut av vegetarmaten, mens vi andre ser til at pinnekjøttet får det rette kokingstid og at svoren på ribba vert som ho skal vera.

3dje feb 1959 var ein trist dag..det var "The day the music died "skrive Wikipedia. Då ramla Buddy Hollies, Ritchie Valens , piloten og ett par andre ned i fly frå ein dyster himmel i Iowa..    Det var vel eigentlig å ta litt hardt i for  både Elvis , Cliff and the Shadows og mange hundre, kanskje tusen andre, førte jo god musikk vidare. Beatles og Stones og gode banda dukka etter kvart opp i horisonten…så god musikk vart så til dei grader ført vidare. Men så var desse så alt for tidlege dødsfalla då..  Otis Redding og   hadde  vel så vidt vore innom Njordhallen her heime så klarte dei også å setta  seg oppi eit fly og la ut i tvilsomt flyvær og det gjekk bokstavelig rett vest.  I samme hall hadde vel også Jim Reeves vore og også han led samme skjebne som Otis. Litt seinare gjekk det same veien med bluesgitarist Steve Ray Vaguan . Clapton skulle vore med i same flyet men det var heldigvis ikkje plass…

Sørstatsrockens no 1 Lynyrd Skynyrd ramla jo også ned på veg til spelejobb i  Baton Rouge, Louisiana. Ikkje alle døde i crasjet og det å skulle hente hjelp var også forbundet med livsfare.. Ein dødsliten medlem av gruppa vart skoten på av ein livredd farmer som trudde det var aliens eller i alle fall ein skitten kjeltring som kom ravende opp ifra sumpområdet der flyet krasja.

Det er sikker mange andre dyktige musikere som har møtt sin skjebne på samme måten uten at eg har de på radaren.

Og når ein veit at mange døde så alt for tidlig, Jimi, Janis og mange andre før de var 30. Marvin Gaye klarte vel å bli skutt av sin eigen far i ei skyteulykke. For ikkje å snakke om Lennon som vart skoten av ein fan. Heilt vanvittig.  Det å lage god musikk er ein utsett yrkesgruppe..mange går nesten over lik for å bli eit ungt og vakkert eit.

Å prøve ut forskjellig for å få den gode rus går aldri av moten og vi har vel mista nå relativt nylig både Prince, Petty og Michael J . Tidlegare på slutten av 70 bukka både (mine favoritter) Lowell George og Keith Moon og sikkert noken dusin andre av same grunn.  

«Det gjeld å bruke vekta nøye « er vel «kloke» ord som Keith Richards har levd etter.. Han skulle vel holdt kurs over dette emne så hadde kanskje mange kanonmusikere vore blant oss ennå.

Og vi andre er vel heldige som har levd i denne tida og kan berre slå fast at Wikipedia sine ord er gjort til skamme, for musikken levde jo vidare…så til de grader.

Eg synes ikkje at ein kan bli forbanna på NAV i denne siste saka om å motta trygd mens ein var i utlandet. NAV jobba jo berre etter norsk lov. Det samme var det jo med tingrettane som dømde dei som vart fanga opp. Dei var nok også i god tru. Vi andre kan jo like godt ta med den raude tjukke boka ut i hagen og slenge den på bålet. Om vi ikkje har visst det før så veit vi det no, at EØS direktiv (lover) trumfer Norsk Lov. Vi kan sukke og akke oss så mykje vi vil, sjøl om vi 2 ganger har stemmt for at vi skal stå støtt aleine. Smarte, svikefulle politikerar som ikkje vøre norsk folkevilje har ført oss ut i ein situasjon der vi etterkvert er blitt ein vasallstat til EU. Dette er nok ein meget vektige grunn til nå å skrote EØS for å rette ryggen igjen.

Vi blir heile tida minna på at vi lever i eit kontrastanes land…fattig..rik..fattig ..rik. Som for eks når Haugesunds avis skriv på sine bilsider ein mandags morgon seint i okt. Joda dei kjøyrer test av Mercedes- Benz V300 D 4Matic. Ein draum av ein bil, prisen begynner på vel 900T for ein med skarve 136hk i ,men (heldigvis) i testbilen er det 239 kraftige dieselhestar til å driva den 2,6tonn tunge saken, men då til den nette sum av vel 1,3millionar.  Og dokker har vel peiling på ka bil det er, det er jo ein slik ein som byrådane i Oslo, Raymond Johansen og Marie Lan Berg kryp inn og ut av på TVbildene frå den store elektrifiserte stad. Eg har og sett dei breie akterspeilet til Erna gjera det same.

Men altså Mercedesen blir i HA presentert som eit meget godt alternativ til å fylle på bilparken til direktørar  og hippe bedriftsleierar. Her får de plass til fruer, unger og ein underbetalt aupair eller  to. Og på fritida kan jo elskerinnene breie seg (ligge?) i godt polstra baksete. (dette siste var ein ide frå meg). 

Men dette var vel ikkje så interessant for meg eller deg kanskje , i alle fall ikkje før om ein 10-12år, då  vi kan kjøpa vidundret brukt til vår overkommelege pris.  

For riktig å gni det inn på oss mindre bemidlede ,  så har HA ein minitest om Volvos første elbil. Som i pris er nesten like  uoppnålig  som Mersjen.. Men denne kan vel kanskje i fråfall av alle dei avgiftene som jo El bilar har , kanskje komma i frågan hjå dei som bestemmer lønna si sjølv . Slike som stortingsrepresentantar og ordførerar.. Vi andre som ma blir lønna av Statens Pensjonsfond må nok også her vente på slike vidunder i dei tilmålte 10-12 åra, eller kanskje aldri?

 

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.