E-sjef Morten Haga Lunde vil ha oss tilbake til den «kalde krigen» sine dagar. I ein tale auser han is nedover tilhøve mellom Russland og Norge. Vi må forstå at Ivan (Putin) påverkar oss og at han speler på
motsetningane i det norske samfunnet. For vi i sør er visstnok skeptiske til Ivan ,medan dei i nord og då spesiellt Finnmark vil ha ein god tone og samarbeid mellom landa. Eg trudde at vi alle ville ha eit godt tilhøve utan spenning mellom
våre land ..og eg bur i sør. Men Haga Lunde durer i veg og erter på seg fleire ordførerar og brubyggerar i Sør Varanger. Rart (eller kanskje ikkje) at denne utblåsinga kom no.. I førre uka satt etaten i rettsalen
for å ha blitt annmeldt av Ølen Betong sine medarbeiderar for ka dei hadde vore utsett for pga av mange merkelige vervingsforsøk frå etaten . Skal bli spennande å følgje den saka.. For ikkje så lenge sia kom det
jo også ein av deira spionar heim frå kulden.. Ein annan amatør, Frode Berg , som dei hadde pressa til å jobba for seg og som måtte betala dyrt med 2 år i Putin sitt fengsel.
Med dette bakteppe var det vel kanskje
på tide og brøla litt og visa tenner..statlege bevilgningar er vel også på trappene.
Etter Utøyatragedien er vi vel alle enige om at vi treng ein E-tjeneste, sjøl om dei ikkje den gongen greide å fanga opp
han utøvande galningen. Dei påstår at dei har avverga seinare terror angrep , det er jo bra ,då gjere de jobben sin. Den jobben har de neppe gjort når dei hankar inn amatørar, rett frå gata til å utføra
etteretning i eit framand lukka land.. Jobben deira er å avdekka sikkerhetstruslar og la dei folkevalde avgjera ka politikk som skal føras. Og dei må for all del ikkje mistengeliggjera brubyggerane oppe i Finnmark og og kvela fredsarbeidet
deira.. Vi vil ikkje inn i ein kald krig igjen og vi vil leva i fred med Ivan. Likevel bør vi bygga opp vårt eige forsvar igjen for å avskrekka ein ev. fiende og ikkje for å angripa land som Libya og andre land som vi har gjort
no dei siste 20åra..