Noken gonger om dagen hopper Ayla og Dolly, vovvane , opp i fanget for å bli klødd skikkelig og for at vi kan ha ein meir og mindre meiningsfylte samtale. Eg lese litt på face eller i avisa til de ..og vi diskutere litt. Dei
logre litt og ser på meg med store svarte augo og er stort sett enige i det eg les .Men ikkje alttid er det like lett å få gehør..som i dag då eg skulle forklare de at politikerane i Etne ikkje ville være med å støtta
vaktordinga i ein lokale smådyrsklinikk. Ei teneste som berre ville koste 40000 og som alle andre kommunar på Haugalandet er med på.
Augene til vovvane svartna då eg prøvde å forklara dei at ikkje var vørde
såpass av kommunedirektøren vår og som kom med råd til ordførar og eit tafatt kommunestyre, at livet eller at alvorleg sjukdom kunne oppstå ,ikkje var verd lusne 40000 i året. Hjalp ikkje å sei
til vovvane at toppskiktet i kommunen hadde vist store handlekraf til å spare..… Og eg måtte jo vera enige med Ayla og Dolly , at det var ein knøttliten sum samanlikna med ka kommune spissane tjente i året. Begge vovvane
kmurra litt då eg fortalte at ein ordførar hadde ca millionen i året og at han med den flotte tittelen kommunedirektør hadde ennå meir…
På spørsmål frå dei, vikla eg meg inn i ei forklaring
på ka ein som hadde så fine tittel og med så gode lønn gjorde på…
Eg prøvde meg på at han nok tjente så mykje penger pga av at han skulle spare penger for kommunen… Den beit verken Ayla
eller Dolly på og dei knurra slik at eg forskrekka slapp de ned av fanget…