No er det tid for å få med seg ein haug med filmer og serier frå filmkanalane eller norske tv kanalar som ein stort sett tar opp i frå og ser på i etterkant. Slik at ein kan spole over all reklamen. Vi som har vore glad
i filmer og seriar ser jo at det er ein visse utvikling i desse. Dei spegler jo samfunna som vi til ein kvar tid lever i. I mange seriar og filmer er det jo byggd inn kjærlighets intriger og scener..
Vi som har fått med oss Bergman og Fellini
filmer for over 50år sia er jo også vane og blir sjeldan sjokkerte over nakenscener . Vi har jo humra nå i fleire 10år når vi har sett Hollywoodstjernene har hatt seg, med ein masse klesplagg på kroppen.. Røyrslene
er det ingenting i vegen med ..men det er litt latterlig når ikkje eingong BH forsvinn under lange sexscener.. No i dei seinare åra har vel Hollywood gjømt vekk litt av den amerikanske dobbeltmoralen og vist meir nakenhet når helten
og heltinna hopper til køys.
Men i dei aller siste åra er det helst helten og helten som koser seg eller heltinna og heltinna som blir baka inn i elskovscenene.. og som har overtatt . Det speglar vel samfunnet rundt oss det også
og det bør vi kanskje tåle. Det er visstnok det som er det mest normale pr 2020.
Eg veit jo ka eg foretrekke, men det er jo meg. Ikkje heilt uventa så meiner Solf. det same som meg, så freden og roen i familien er
i alle fall sikra..