For mange år sia så las eg ei bok av ein fransk forfattar ,Gabriel Chevalier, med tittelen «Et forargelsens hus». Den handla om alle viderverdigheter rundt det å få bygga eit offentlig toalett i ein liten fransk landsby
rundt 1930 talet. Dei hadde i ugangspunktet ingen offentlig toalett . Så når innbyggerane hadde vore på dei lokale vinstovene å drukke sine tilmåla glass med raud og kvit vin frå lokale produsentar eller kanskje eit glas
Calvados og tre. Vinstovene hadde jo toalett, men folket skulle jo heim og på vegen heimøve var det inga anna råd enn å pissa på plankegjerer eller murar..til store forargelse for lokale donnaer og spissnesa franske mademoiseller.
Kravet få desse var jo at byen måtte bygge eit offentlig toalett. Eit toalett som skulle bygges opp i stein midt på torget. Ei fornøyelig bok som jo enda opp at dei alpehuekledde fekk sitt toalett tilslutt..men ikkje utan ein lokale
krig.
Det burde blåsa opp til ein lokale krig no når Etne politikerane vil ta ifrå Skåneviksbuen sitt einaste offentlege toalett. Eit toalett som eigentleg også er øremerka reisande, med buss, ferje eller hurtigbåt.
Etne kommune betaler under 1/3 av 200000 som det koster å drifte eit avtrede for trengande . Men nå vil dei spare desse pengane (5500 pr mnd) Og dermed slå ein spiker i kista for dette offenlige nødvendige avtrede. Dette er toppen
på smålighet synes eg..Eg vart så irritert då eg las om det at eg kjeme med eit forslag her og nå…
Eit forslag som går på at ordførar ringer til kommunedirektøren og spør om han synes
at han fortener milliomlønna si?…Hvis dei då kan bli einige om at dei begge redusere lønna si ned til 800000 kver, som dei vel begge kan leve greitt med. Etter å ha gjort dette storverket og gått i same
fotspora som ordføraren i Sokndal gjorde, så kan dei dra fram sparekniven og kutta i budsjetta sine med godt samvet,, Ved å gå ned frå millionlønn sjølv sparer dei ei lønn som tilsvarer ein hardt arbeidane
hjepleiarlønn på ca 400000 pr år. Sjå det-…no kan dei drifta eit offentlig toalett i Skånevik og bygga opp her i Etne også, for vi manglar her også, og enda har dei penger til overs.