Blogg

Har alltid lurt på korleis det er for dei som soner straff heime..med fotlenke. Det er vel ikkje dei mest beinhardt kriminelle dette gjelde for, meir dei som er tatt med ein dagenderpåpromille på 0,3-0,5(?) eller har vore litt tunge på gasspedalen over Haukelifjell så nåla har vippa 130km/t , ei lyse sommarnatt kl 02:30 med zero trafikk. Men i alle fall, fotlenka må på og ditt hus er blitt eit fengsel. Du slepp i alle fall og sona ilag med øksemordere , narkotikasmuglere og uærlige politifolk som jo er i den harde katogorien og som sikkert hadde kunne lokka deg til ein lang kriminell løpebane etter endt soning.

Men no er vi i same klasse som dei med fotlenke og heimasoning…vi kan jo ut å lufta vovvane morgon og kveld.. jobb er det ei heile stund sia vi bekymra oss om , vi får våre mndlige kroner inn på konto frå eit samfunn som vi har invistert i i ca 40 år.. Så den er grei, kjøleskapet er like fullt som det alltid har vore, kanalspektret på tven er også bra, hastigheta på nettbrettet greitt nok, oppe på guttarommet står gitarar, forsterkerar og trommer opplina,til og med ein nyinnkjøpt SG. Og fruen har ikkje kasta meg ut av dobbeltsenga…ennå.

Så visst det er slik dei med fotlenka har det, så må eg sei det ikkje skremmer meg så mykje .. Men dei med fotlenka kunne vel også  rekna med å ta den av etter ein 3vekers tid. Så no spørs det ka tid oss andre kan kvitte oss med den usynelige fotlenka vår?

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.