Synes usigelig synd på innbyggerane på Frøya , Haramsøya og på Finnskogen oa.når disse monstra av nokre vindturbinvenger kjeme med spesialbyggde lastebilar , klare til å verta reist over deira kjære
heimplassar. Ikkje at eg er alvorleg religiøs..men har jo blitt proppa full av god og halvgod bibelhistorie frå det norske skuleverket oppover , så noke sit vel igjen i hjernebarken.
Eg trekker samanlikning med sjølvaste
Jesus og hans veg med krossen (Via dolorosa) opp mot krossfestinga på Golgata. Ser for meg frakta av desse vengekolossane på utsprengte bygdevegar som ein lidelsens veg for innbyggerane på Frøya, Haram og Finnskogen, opp til
innbyggerane si Golgate . Her kan Trøner energi, Zero, NVE, Utanlandsk storkapital, og andre råe utbyggerar spikra dei slagne innbyggerane opp, Her kan dei dryppa eddik i såra deira , fukta svampar og gje dei døyande.
Alt dette medan Erna i Pontius Pilatus skikkelse og Tina ,sjefsfarisearen , rettar tommelen opp. Eller ned alt ettersom når ein tenker på å ta livet av alt det som er kjært og norsk.
Men kanskje det går med oss (og
innbyggerane på dei nemnde stadane) som det gjorde med Jesus, at han etter sigende rista liv i seg på den 3dje dagen og stridslysten tok opp kampen igjen. Jesus kjeppjaga jo fariseerar og handelsfolk ut av templet , så ein skal ikkje sjå
vekk i frå at dei hardt prøva innbyggerane til sjuande og sist kan jaga Tina og hennar fariseerar og handelsfolk vekk frå øyane og skogen sin.