Blogg

«Lure på om det hadde vore betre å gått på legd enn å ha blitt ivaretatt av Haugesunds kommune , viss ein hadde blitt gamal og pleietrengande i den kommunen.» Kraftsalvo kom ifrå Solfrid etter å ha lest HA om Walter -Nordal Sørensen sin 88 år gamle mor som i heimetenesten sine hender hadde rasa ned i vekt og var komen ned i 35kg. Ein vektklasse som ville gjort Twiggy grøne av misunning. No var vel Twiggy under 30år då ho var på sitt smalaste..,det var ikkje Sørensen si mor. Ho var godt oppe i åra og trengte kver kilo for å oppretthalda ein brukande alderdom. Det måtte altså ein oppegåande pårørande som berga dette 88 årige menneske frå ikkje å forlate dette livet pga  underernæring. Sørensen møtte nesten ein vegg når han ville kontakta dei som sit med ansvaret oppe i kommunen . Ikkje fekk han tak i de på telefon så han måtte entre løvens hule før han fekk augekontakt og gehør for den engstelse som han kjende på når det gjalt mor si. Då  vførst gadd deiansvarlige svara han. Infomappen til dei pårørande var over 20år gamal og besto av telefonnr som ikkje var i bruk og namn på avdelings sjefar som hadde slutta for lenge sia..Hvis ikkje Sørensen hadde vore såpass oppegåand og pågåand som han var (kem av oss hadde klart det?) så hadde han måtte gitt opp og mor hans hadde gått ein sikker tidligare død i møte..Det er så ein nesten ikkje trur at det er sant.

«Haugesund kommune er ein kommune som set fokus på ernæring blant dei eldre» seier fungerande ordførar Trine Meling Stokland før ho dukker ned i tausetsplikta sin grumsete verden. Det er jo ei sanning som dett som ein stein etter å ha lest denne artikkelen. Vakre ord er det ..men er som med så mykje anna ein rein bløff. Dei i heimehjelptenesten er vel som i andre kommunar overarbeidde og har nesten ikkje tid til brukerane.. Dei skal vera så effektive som mulig på kortast mulig tid ..då hender slike ting som dette. Dei skifter så ofte at brukerane, ofte engstelige eldre, har vanskelig til å forholda seg til dei som kjeme..

Vi kan lura på kor den oppskrytte HMS tenesta er hen.. Kanskje har dei oppdretta heime kontor på eit av dei 5 soveroma som er på hytta på Vågsli.. Ikkje veit eg. Men ein ting veit eg at det er ingen på toppane i kommunen som får svi i slike alvorlige saker..Dei hufser litt på skuldrene..varaordførar, ordførar , helsesjefar og heile kostebinderiet..og sender ein mail til kvarander…dette kan vi jo diskutere litt før vinlotteriet på fredagen..kan vi ikkje?

Så viss Solfrid og eg , når den tida kjeme og det gjere ho jo,hadde budd i sildabyen så hadde vi ville hatt eit godt tilhøve til naboar og slekt for kanskje å få hjelp av desse til å gå på legd rundt om… Helsesjefar og varaordførerar er ikkje til å stole på i den byen. Og dessverre sikkert i mange andre kommunar også. I Oslo har eg høyrt om einslige gamle som har logge dau i månadsvis før alarmklokkene har gått hjå HMS og helsejefar på toppen..

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.