Det er som å miste ein nære søskenbarn når du fekk vita at Peter Green gjekk bort i går. Eit søskenbarn som du aldri fekk snakka med (til det var han for «stor» nesten på høgde med Vårherre.
Eit søskenbarn som viste veg i bluesen og som du tidleg lytta til gjennom Fleetwood Mac og seinare såg og høyrde i Splinter Group.
Han var vel kanskje den varaste og finsligaste av supergitaristane som kom frå Jon Mayells
Bluesbreaker. Han ga oss låtar som fabelaktige Supernatural.. https://www.youtube.com/watch?v=QV-VugfOZuY
Vi i Fifty Fifty var så heldige å vere oppvarmingsband
til Splinter Group på Skånevik Bluesfestival. Vi satt i samme sletne sofaen som Peter Green back stages.. Kanonminner. Vi kunne fått han i tale på fjordhotellet men turte ikkje be han bort til bordet våres. Han
hadde sikkert tatt i mot tilbudet og prata med oss..men motet svikta hos meg..han var for stor.
Splinter Group var jo eit band frå øverste hylle , berre topp musikerar og vi kunne på konserten sjå den respekten de hadde
for Peter, men han ga god plass for sine medmusikatar på scenen. Virka som ein tvers igjennom ok fyr. Alt med han virka lågmelt og rolig. Det var sagt at då Splinter Group skulle spilla på Ronny Scotts club så var spørsmålet
frå Green til klubbleinga på jazzklubben , kor lågt dei kunne få spilla.. Lågmelte i musikken også..men med kvalitet.
Kan berre få takke for alt han har laga til oss og for fine opplevingar..
Kvil deg i fred Peter..der oppe mellom Albatrossane..