Blogg

Rett før coviden slo til var det å legga ned flest mogelige fødestover og sjukehus Mr Høie sitt store lodd i livet. Og då helst nordpå og nedover kysten. Fødestova i Kristiansund skulle sjølsagt leggast ned. Men den fekk ei lita utsetjing til 23(?) . Men allereide no er ljåen til Høgre og resten av kostebinderiet der og vil mørklegga fødestova, til stor fortviling for dei som ventar seg og ikkje har lyst til å reisa 20-30mil for å få ut ein nye verdsborgar. Sikkerheta er heller ikkje tatt vare på. Tru om dette kvalifisere for nye opptredenar hjå Lindmo? Og kvifor er ein aldrande mann som eg oppteken av ei fødestove der oppe på kysten. Jo fordi ei tante av meg var jordmor der i mange mange år, og tok imot , på ein sikker og god måte, mang ein fiskar og operaelskar. Og det denne regjeringa heller ikkje har tatt høgde for er jo at i desse coronatider har folk hatt mykje heimetid , og noke skal folk driva med og det kan verta ungar av slikt...mange ungar.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.