Ikkje har eg noke å klage på når det gjelder det norske helsevesnet. Då rullegardina gjekk ned over det høgre auge så vart det full service..med flinke legar, sjukepleierar,hjelpepleierar til og med refusjon for
reisepenger frå Helfo..nesten ikkje til å tru, det var rett og slett topp. Altså ein service heilt i verdstoppen.
Men..og eg har lest om dei som har skikkelig alvorlege sjukdomar, som til eks MS . Les om ei 31årig kvinne
som fekk denne jævlige sjukdomen for 10 år sia. Det har vore ein 10års kamp der pila for å bli frisk berre har peika nedover og nedover. No er ho komen til eit punkt der ho berre eksistere , ho lever ikkje. Heile vegen har
ho hatt god oppbakking av helsevesnet og dei har gjort det som dei kan i å lindra og i det å stagge sjukdomen.
Alt er gjort, men MSen vinner og 31årineg er på veg imot stupet. Siste håp er å kunne dra
til Russland for å få ein stamcelletransparasjon. Ein operasjon som vil koste ca 500000. Ingen sikker operason . men trass alt, beste sjangsen for at det stopper sjukdomen og/eller at 31 åringen kan å få ein markerte betring av
livsituasjonen sin. Men her set Staten Norge foten ned…det skal ikkje gies støtte til slike operasjonar i utlandet.
Mange , både unge og gamle er i samme situasjonen, men AS Norge er like steile. Det skal ikkje gje støtte
til slike «eventyr»,
Staten Norge auser ut støtte til aust og vest, til korrupte land med diktatorar, men å hjelpe dødjuke her heime .det kan de ikkje. Kem som står på denne bremsen veit ikkje eg..men de burde
tenka seg om å skamma seg. Det kunne jo vært deira eigen datter, sønn, søster eller bror som fekk den jævlige sjukdommen.
Denne 31 åringen tok mot til seg og gjekk ut med si historie på spleis.no , så
no har ho fått det beløpet ho treng for å dra til Moskva. Det skulle i mine auger ikkje vore nødvendig.