Blogg

Kjære Landsmenn..eller går det an å sei det? Kanskje ein må sei Kjære søster og broder..

Valgflesk er noke dritt, så eg  må berømme SV som hjalp oss igjøno dei  dei første 100dagane. Vi må nok steike (val)flesket saman med dei framøve også..I det nye året ryke det to statsråder det er klimaminister Barth Eide og miljøministeren Mjøs Persen.. Her må vi bytte til ministre som ikkje er heilt på kollisjonskurs med det norske folk. 

Eg lover å ta hensyn til vår urbefolkning og at høgsterettsdommen om at vindkraftanlegget på Fosen er sett opp ulovleg. Det er jo klart som dagen at 150vindturbinar skal jevnes med jorda og at all skadepå naturen skal ordnes oppi. Vi vil også gå inn for at alle eksisterande vindturbinparker skal gåes etter i sømmene og ser ikkje bort at dei fleste blir jevna med jorda.

Det har no også gått opp for treskallene med Barth Eide i spissen at å bygga ut havvind er noke vanvittige idiotiske greier.. Vi har jo agg på våre innstallasjoner i Nordsjøen som går på gass, «grønn» gass frå Nordsjøen. Om gassen blir brukt der ute i Nordsjøen , eller om den blir brukt til oppvarming i Tyskland eller Frankrike må jo vera hipp som happ.

Eg lover også at kjøpere og brukere av elbil skal måtte betale like mykje avgifter som diesel og bensinfolket..

Eg veit det rassles med sablane frå spesiellt FRP at dei skal bygge ut verna vassdrag. Dette går vi heilt imot . Vi vil skrote Acer å bruke vannkrafta vår, som jo er eit fellesgode som vi alle eige ein del av. Då har vi god tid til å tenke oss om før vi går til drastiske skritt med å øydelegga meir natur. Minner på om Bjørli sine ord om at det ikkje er menn med glatte ansikter og pene hender som eig naturen vår.

Vi skal ta skikkelig tak i det problemet at vi har over 130000 fattige barn . Dette er 1te proritering på bekostning av hjelp og skattelette til oppdrettsmilliardærar, og naturøydeleggande oppdrettsnæring.

Lover å desentralisere makta i AP slik at det ikkje er pampane i hovedstaden som sitt med makta.

Kanskje kan vi få Giske inn i varmen igjen. Ikkje for det,blir han for varm og vil utfordre meg ,så skal vi nok hoste opp ein ambasadesekretær ellr ei 17åring som han har stukke tunga inn i.

Eg er ein travel mann med mange jern i elden..lover å smi det jernet der det står det norske folk på. Lover å koste ut høgrekreftene som i alt for lang tid har hatt makta i partiet.

Men no tør eg ikkje love meir for eg kjenne nasen min vokser..

Godt nyttår søster og broder.

 

På årets mørkaste dag må ein finne på  noke galskap. Som å lage ei heilt spesielle liste over politikere og makthungrige som har dala ned i skjul eller over deg, om du ville eller ikkje. Det er vel ingen hemmelighet at eg har fått den måten å  gjennomføra eit ev grønnt skifte på, langt langt oppi halsen . Den er rett ut ..til å spy av.  Men i alle fall her er ei raskt samanraka liste over 10 som eg har i tankane.. Det skulle kanskje inneholda ka den enkelte tjener og ka pensjon vedkommande har rana til seg. Lista byrde kanskje være ein slags 10,20eller 100 på topp/verste/mest korrupte/mest folkefientlige/stupide (velg det som passer best)

Nr 10 Tina Bru, einslags Erna leight, som nok er arvtager etter nemnte. Stakkars folk som må drages med politikere som henne i mange mange år framover.

Nr9 Ukjent (for meg) politiker fra MDG med ein fantastisk utale om at dei kjempestore havvindturbinene berre skulle settast opp på område på hav/eller fjord som var tomme for fisk. Fisken var forsvunnen eller oppfiska. Kan jo supplera sjøl med at då sto gjerne Oslofjorden for tur til å setta opp desse kolossane i. Ikkje finnes det fisk her snart ..iallefall ikkje etter de har sprengt d en djupare.

Nr8 Venstre politikar Guri Melby. Påstår ennå hardnakka (må snart vera den einaste i Norge) på at utanlandskablane ikkje har noko med dei høge straumprisane å gjera. Og ho har vært minister….då kan det ikkje være høge IQ krav til slike.

Nr7 Espen Barth Eide , Ein av AP «store» søner.. i klima og miljødep. Kviler no heldigvis ut etter Glagow..La han kvila leeeenge.

Nr6 Bellona Hauge…Listas kvalmaste. Henger i hop og leiker seg med rike og store firma.  Må ein tur på toa etter at han har vist seg fram på TV..

Nr 5 Stangeland Maskin, Spesialister på å øydelegga tusenvis av myr og 100vis av km3 natur i sin iver for å tekkes vindkraftselskapa ..Skammens selskap.

Nr 4 Statsminister Støre . Som før valet satt i ei stue hjå ein familie der de hadde ein aktiv guttunge som heile tida sette brillene sine på prøve. Joda der satt den kommande statsministeren å lova på tru og ære at viss han kom til makta så skulle støtte til brille gjeninnførast og støttast fullt ut. Etter valget var det gløymt og det måtte eit SV til for å få derre fram og godkjennast. Ikkje uvanlig at eit valgløfte blir neglisjert..men ikkje eit slik eit. Det er da ennå noke som heiter anstendighet.

Nr3 NVE som ikkje er redelige nok med å kunne vise det de påstår at ein kabel frå Blåfalli til Tysvær blir alt for dyr imot ei svær 420KVlinje som dei heller vil bygge. De kaller det forretningshemmeligheter og vil legge lokk på avgjerda. Sanninga er at de rett og slett gir faen i all den flotte naturen som blir øydelagd ved å bygge ein kjempesvær linjetrasee.

Nr2 Marte Mjøs Persen.  Raskere enn lynet har ho tilpassa seg som ein (u)dugelig statsråd. Som eit lyn skifta ho ham frå å vera raud vindkraftmotstander til å til de grader å bli pengefolkets tjener i vindkraftsaker. Eg mistenker at ho har lagt  samefolket for hat. Vil nesten ikkje prate med de etter at staten så til de grader tapte i Høgsterett. Ho berre setter nasen i sky og munnen i svadamodus når ho blir spurt ka tid mastene skal rivast. Fysj.

Nr1 Det norske storting. Som blinder igjen for eigen befolkning berre de får tekkes EU. Og det er det samme om det er Jens eller Erna som sitt  med roret. Det er ein institusjon i fullt forfall ,full i korrupsjon som er avdekka siste tida. Kanskje den nye stortingspresidenten kan avdekke korrupsjon og seint men sikkert la folket få truverdighet igjen til sine folkevalde…Men her er det kjempelangt igjen.

Fruen vil at vi heller skal lage ei liste over positive folk og positive tiltak…For det er det vi treng no..Det får bli ein annan gong.

I dag er det ein av dei dagane som du blir mykje meir irritert enn vanlig.

Ok  du har kanskje lov , for du er blitt sylta forkjøla..livet består av snørr og snytepapir. Lunta er kort når du les nyheter og  meldingar. Som det står på NRK sine sider: Carlsen er sjakkens Mozart. Og dermed blir du forbanna. Kanskje noken ser han som det? Noken som sidestille med det å gå så og så langt med ein løpar eller tårn , bygge eit forsvar med bønder eller Gud veit kva, med ein som har gitt oss Til Elise (oy the var visstnok eit anna geni som har skrevet den) Tryllefløyten, Figaros bryllup, ein masse sonater, pianokonsertar..you name it. Det er fa.. meg det dummaste eg har høyrt . Carlsen  er i 7ende div der Mozart topper eliteserien.  Okay,Carlsen  reiser rundt i verda..til sine, også i totalitære statar, bur på dei flottaste  hotellene og tjener mange mange millionar. Hoffet hans består av far, exsjakkspelerar og mange andre som tjener til livets opphald. Han er jo som ein reisande artist . Nrk reporterar som er med på ferda , har med seg bønneteppe som dei bruk per ofte. Dei hiv seg ned å tilber den meir eller mindre salva helst med kamera til stades,

Eg er glad i sport og ser gjerne både vintersport, friidrett og fotball.  Sjakk rekne eg ikkje som   sport.  At den pila som står for kva dei ypperste dataprogram ville ha spelt har vel ingenting med sport å gjera. Hadde ikkje Baa og co vært der så hadde det vært kjedelig.

Og eg skal ikkje skryte på meg å ha Tryllefløyten eller Figaroes bryllup på noken av  Spotify listene mine eg foretrekke freks Greaful Dead..Og synes at berre ein..ja ein gitarsolo av Jerry Garcia er betre enn det Carlsen alle desse dagane har varta opp med. Men det er meg, andre får jo berre kjøpe inn  bønneteppe og melde seg inn i hylekoret rundt  brikkemesteren.Unnskyld i dag er eg sure , eg trur eg har litt feber,,

 

Det kan bli 35000/år dyrere for ein fam pga høgare strømprisar. Men no kjeme det støtte seier Vedumen og co. Vel kanskje ikkje før jul då,men heilt sikkert i jan. Og då skal sjølsagt dei som treng det få sitt, skulle berre mangle , staten og kommunane har tjent skikkelig nå i haust. Akkurat det siste sa jo ikkje Vedumen..men dette veit vi.

Vedumen seier at bostøtta skal auka..Bostøtta..men det er vel berre 66000 som mottar den..det er langt fram til over 5mill. Du får nok ikkje bostøtte seier NAV . «Du må selge gamle volvoen, gamle bubilen og snekka di. For du skal vel ikkje eige noko når du får  bostøtte.»seier NAV  «Vi synes huset ditt er for stort..og du og Solf bør finne noke mindre. Og så har du for høge pensj. Du tener sikkert på å spela på julebord og slikt?» «Jammen det er jo ingen som kan betala..vi spiller stort sett gratis.»seier eg.   «Spiller kaine rolle» seier NAV.»Du har ikkje sjangs i helv. å få støtte».  «Gå bort å still deg i den andre køen så kan du få gratis suppe».  Eg:  «Jamen der borte står jo Røkke og  ein drittsekkgjeng». NAV: «Fanken då har dei kommt feil , dei skal jo stå i den køen som får… Så vinker NAVrepresentanten Røkke og dei bort i den «rette»køen.

Solf og eg fekk ein suppetallerken på deling..etterpå vart vi sparka ut i det Vestlandske vintermørke.

I går under ein diskusjon om strømprisar , så dukka ordet slimål opp under topplokket. Ein slimål lever jo av åtsler , dau fisk ol som siger ned til den på djupet . Den liker seg godt på søyle (evje)botn. Våre vegar..slimålen og mine har kryssa kvarandre når eg har vore ute med line agna med makrell. I området mellom søylebotn og vanlig botn står det gjerne bra med fisk. Men kvaliteten på fisk som har tatt lineagnet, og som deretter sige ned søylebotn, står i fare for å bli uspiselig. Ofte når ein drar ein slik fisk over ripa ser ein at den er rimelig slunken. Då har slimålen krøpe inn i kroppsåpningane på fisken, spist opp all innmat men skinnet er inntakt. Ofte har eg opplevd at 3-4 slimåler , stappmette, har krøpe ut av kjeften på fiskenog fallt ned på dekket. Uapetittelig, javel, men det er nå eingong maten som  Myxine glutinosa (slimålen ) lever av .

Så hvis eg litt i overført betyding tenker at kongeriket har ramla  ned på søylebotn, så er det åtseletere der , hvis dei får sjangsen.

Må nesten sei unnskyld til slimålen , for den var jo høgt oppe på ei kåringsliste i 1982 over nasjonalfisken i kongeriket, etter eit stunt av Per Hafslund. Unnskyld for at eg tenker på  rygglause politikerar, lobbyister, direktørar og leierar  i  Statnett , NVE , OED, industriministrar frå Høgre, vindkraftutbyggerar, selskap som Trønderenergi, 5kolonistar i presse og styresmakter , når eg tenker på namnet ditt. Unnskyld!

Du gjere jo berre det du skal for å kunne leva eit hardt og tøfft liv der nede i djupet. Fisken blir jo utan innmat når du er ferdig. Det blir kongeriket også når dei andre eg tenkte på får holde på.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.