Salige William Shakespeare skreiv i Hamlet at «Something is rotten in the state of Denmark.» Som jo er beskriv korrupsjon og andre tvilsame ting som hende i Danmark på den tida, rundt 1600. Sjølv om vi skriv 2021
så er det lett å omskriva at det er noko rottent som går føre seg i staten Norge.
- Slår vi opp ordet korrupsjon så dukker det opp: Passiv korrupsjon er å kreve, motta eller akseptere et tilbud
om en utilbørlig fordel (for seg eller andre).
- Aktiv korrupsjon er å gi eller tilby noen en utilbørlig fordel.
Det er vel ting her som passer godt inn i det som kver einaste dag hender i kongeriket Norge. Også på heilt i toppskiktet i politikken og med personar som vel skulle vera eit føredøme for oss lenger nede på rangstigen.
Vi veit jo at stortingrepresentantar er dårlig i rekning når dei skriv reiserekningar. Berre i førre veka står det ei frå AP, som i botn og grunn har gjort seg til kjeltring for småpenger, lusne 120000kr, og må derfor
stå skulerett i retten og beklage at ho ikkje husker (?). For eit par år sia var det vel ein frå FRP som rota det skikkelig til skreiv med gaffel og var vel ca 500000 skeiv. Han fekk vel og ein dom på 11mnd.
Og vi veit at
Krferen Ropstad skreiv at han budde på gutterommet heime på Jæren, mens han og familien jo eigentleg hadde eige hus i hovudstaden, som var leigd ut (?) og då måtte han jo ha ein plass og bo og
då fekk han jo (gratis(?)) stortingsbolig.. Noke i same gate har jo no ho som er stortingspresidenten , rangert som nr 2 i Norge, blitt tatt for..med kanskje litt forskjellig ordlyd, men korrupsjon er det same fa…
Det
er vel toppen på isberget vi no ser er kommt til overflata. Og vi veit at volumet under overflata på eit isberg er mange mange ganger større enn det som over.
Eigentleg så er det berre trist at flinke folkevalde
roter det skikkelig til for seg. Men korrupsjon er det , ein kjem ikkje unna det. Dei bør ta sin hatt eller paraply å gå frå Stortinget og sjå til at dei aldri meir kjeme på ei politisk liste.
Men det er så
visst ikkje berre politikerane som korruperer seg , kongeriket er full i korrupsjon.
Som korrupsjonsjeger Eva Joly seier om dei som har drevet med vindkraftutbygging , som Statskraft og rota det til både for natur og oss brukerar av natur
og forbrukerar av straum: Dei skulle fått sparken heile gjengen.
Eller som når ein av lovens lange arm har skjete på draget..Då får vi høyra at det er politiets spesialenhet som skal ta seg av dette. Då
kan vi berre riste oppgitte på hovudet for vi veit at denne tenestemann/eller kvinne aldri blir straffa, same kor alvorlige lovbruddet er. «Hederlige» unnatak her i Jensen saka..men då var lovbrudda såpass at spesialenheten ikkje
kunne gjømme de vekk.
Så hadde gamle gode William levd i dag kunne han ha skreve Hamlet del 2 om korrupsjon i kongeriket Norge, boka hadde blitt svært tjukk..