Blogg

Vi venta vel ikkje eit mirakel for 100 dagar sia, då Erna vart vippa av trona. Men vi hadde håp..håp om eit samfunn som brydde seg om folk , vanlige, pensjonistar, bussjåførar, smelteverksarbeiderar, heismontørar, matrosar, styrmenn, helsearbeiderar, lærerar...ja vanlige. Ikkje som regjeringane etter 1990..berre ha dei med mest pengar som sine målgruppe.  Vi håpte at det blir rydda opp i usunne lønns og pensjonsordningar blant politikere og statsansette. Håpte på at  korrupsjon kunne komma opp til overflata og gjerast noke med. Det blei med håpet. Det var vel nesten like store sjangse som å få 7 rette i lotto , ca1:5mill for at den usunne politikken som Erna og kuphanane hennar sto for kunne gjerast noke med. Vår eigen sjølvstende er jo kuppa av EU kåte politikere, tenker på Acer ol. 

Ok, regjeringa har hatt mange snublesteinar..straumprisar, covidetc . Og vi veit det tar tid til å få fylkene på plass igjen.. Og det koster å reversere disse. Men eg kan ikkje anna enn å tenke på at Støre og Vedumen kunne ha sett foten ned med eingong å retta opp i alle feila som Erna med Frp på laget hadde gjort i forkant før marknadskreftene verkeleg slo til og kvar og ein av oss fekk skyhøge straumprisar. Brytarane til utanlandskablane burde vore dratt ut øyeblikkelig og Acer avvikla. Det burde Statsministeren (Knoll) og Finansministeren (Tott) ha klart. Hadde de klart det , så hadde gallupptala fått duoen til å smila. Men nei..vi veit det gjekk nesten heilt rett vest med dette. De er på djupt vatn og detter i fritt fall på ds, heilt fortent. Knoll er jo meir katolske enn paven i Norge kontra EU spørsmål. Tott har gjøymthoudet i sanden og har vel knapt hatt ein uttale om straumprisen. Olje og energiministeren Mjøs Persen har vore ein tragedie oppi dette. Når dette er sagt har dei noken ministrar i regjeringa som fungere greitt. HadjaTadjik arbeids og inkluderings minister prøver og har vel rydda opp i innleige av (utanlandsk)arbeidskraft mm. Toppe har vel rydda tilsvarande i barnehagane så i ikkje alle barnehagar vert eigde og drifta av utanlandske storkonsørn. Huitfeldt viste  store nok ballar til å henta Taliban til hovedstaden , for å få ein opning til å redde fleire millionar med Afganere.. Slike jenter vil gamle norgeha..også i regjering. 

På Tott har ballane minka inn til små inntørka svisker Og Knoll er så hjernevaska med blåaste EU politikk at her når vi ikkje inn.. 

Og bakom, i Trøndelagen synger Trond Giske. Han og tilhengerane har aksla seg store makt i bartebyen. Det neste nå er at han rister av seg meetoo spøkelset, reiser til hovedstaden og viser Støre døra ut. Eg har pinadø tru på at Giske er mannen som kan få AP toget på rett kjøl igjen. Men då er det mange APere, også kvinnelige ministrar som må svelge kameler. Det kan bli ein tøff prosess.. 

 

Alle er forbanna og  skriver innlegg på FB og aviser om strømprisen. Eg lese dei  innlegga eg kjeme øve og skriver også sjølv også om den  skyhøge strømprisen som marknadskreftene ved hjelp av eit stort beite med politikere som står bak. Eit av dei mest hjerteskjerande innlegga eg har lese er forfatta av Arnt ein 86årig mann: 

Strømprisen tar knekken på meg. Nåtidens priser knuser den norske arbeiderklasse. For første gang tenker eg at det er bra at eg er ein gammal mann og ikkje har så mange år igjen i livet. Hvorfor? Jo som minstepensjonist og buande aleine knuser prisane økonomien min. Det same skjer med psyken. Eg som alltid har vært nøgd, sjølv når livet har vært tøfft, kjenner no på det som fastlegen kaller angst. Eg sitte stort sett heime i ein iskald og mørke leilighet. Berre stearinlysene er tennte. Ikkje varmeovnane. 24timar i døgnet er eg kledd i ullundertøy, og beheld , sjølv om natta dunjakka på . Korleis kan Norge , som skal vera demokratiets høgborg, med Arbeiderpartiet ved roret, behandla sine borgerar så lusent? Djupt skuffa er eg.” 

Arnt har vel samanfatta det vi alle tenker på . Vi har skamlause politikerar som sitt ved roret i AS Norge. Dei gjere blanke faen i sitt eige folk sitt ve og vel. Det verste er at om Høgre regjeringa kjeme igjen ..så er det på same måten. Nei politikerane i Norge har kjøyrt oss utfor stupet. Det går til helv... 

 

Vi kan håpa og tru at kongeriket er demokratisk..og at store avgjerder vert gjort av politikerar som er valde av folket. Det er ei sanning med modifikasjonar. DEi store avgjerder vert gjort i gutteklubben Grei. Eller i middagar i millionær/miliardærklubben. Grei. Over fine rettar , med årgangsvin gjerne med taffelmusikk av Sting over anlegget, blir Norges viktige stillingar besatte på førehand og sikkert også dei “gode” avtalar som knytte oss nærare og nærare til EU.. Det er nesten freistande og gå til ein av mine favorittbøker i ungdommen. Viss vi kallar dei øvste for de tre Musketerane.. Kan vi sei at Støre er Porthos, Stoltenberg er Ahtos og Tangen er Aramis...og som toppen på kransekaka dukker Knut Bruntland , son av EØS arkitekten Gro Harlem  Bruntland  som D’Artagnan, opp.  Dei er like flinke og slue med kjeften som gamlegutta var med korden.. Også her er nok mottoet : “Ein for alle alle for ein”.  Nesten skremmande at gutteklubben Grei som har kontroll over oljefondet, kontroll over deg og meg, har sendt bombefly i flere hundre tokt for å bombe eit folk som vi ikkje hadde noke uteståande med, tilbake til steinalderen.. Og det er slett inga trøyst om norges største parti tar makta igjen heller   For her er jo kardinal Richlieu i to høgredamer skikkelse , Erna og Tina. 

Frå ein vasskraftarbeider del to

Vart ansatt i Haugesund E verk i feb 78. Billig bolig og fri strøm frista sjølsagt. Bolig av 50talls standard låg langt oppi ein vestlandsk dal omkransa av høge fjell . Ikkje langt unna låg ein durande kraftstasjon, på fjellsida kom røyrgater ned frå vassmagasina på høgfjellet og over plenen framfor huset gjekk 60kv linjer. Ein kompis av meg som køyrde flyttelasset skrapa opp lastebilen i portsøylene på glatta. Avskjedsorda hans var at han aldri meir skulle køyra til Sibir (?).

Første mandag og i mange mandagar seinare på jobb var det vassmåling. Sjefane i Haugesund ville ha tala frå avlensing av dei forskjellige oppdemma vatna på bordet tidlig i uka. Det skulle planleggast ei fornuftig køyringav våre 6 generatorar i to kraftstasjonar. Eit forholdsvis lite kraftanlegg i landsmålestokk..Men det hadde trilla og gått og køyrt inn strøm til Haugesund og omegn sia før 1920. Etter utbygging tidlig 50 kunne vi levera vel 50MW.

Om vinteren heiv vi ,  var alltid to stk) ski og ryggsekk opp på taubane for å få dei opp til taubanehus oppe på fjellet. Vei var det ikkje, dengang ,opp til fjellet. Så det var å gå  i all slags føre opp til anleggsvegen der oppe ,som gjekk mellom dei forskjellige oppdemma vatn. Etter ein times vassing i snø, huka vi skia ned av taubanen og spente de på oss. Det kunne være stille nede i dalen , men oppe på fjellet kunne du få snøføyken midt i fjeset. Hadde ofte hunder med og hvis sikten var null kommanderte vi hundane framfor oss. Dei fann fram når sansane hadde slutta å virke på oss mennesker. Vi grov oss ned til nedsnødde lukehus  firte vassmålingsutstyret ned til det traff vassflata lengt langt der nede. Det var aldri snakk om å utsette vannmålinga til ein dag med betre vær, tala skulle være på bordet ut i byen.

Generatorane skulle køyres med fornuft , vatna skulle aldri sleppes heilt ned. Det var berre under generator revisjonar eller store inngrep på luker og dammer at magasina  kunne tomtappes. Det var alltid grundig planlegging som sto bak drifting av kraftanlegg. Nebør og vind målte vi sjølv . Vi kjøyrte generatorer og linjer i godt samarbeid med andre kraftanlegg for å få mest mulig effekt av det vestlandske regnet . Haustmnd var bomsikre, då datt som regel ned og magasina vart fyllt opp. Snøsmelting var meir usikker, i blank solskinn om vår og sommar forsvann ofte tilsig opp i været , fordampa og vekk var det.

I beg av 1980 hadde kraftforsyningen i fedrelandet fungert i 80 år, utvikla seg , lagt grunnlag for velstand for folk , arbeidsliv , ja for  heile landet.  Den hadde jo eit overordna ansvar at folk skulle ha tilgang til rimelig kraft.

Dette var før blårussen gjorde sine framstøt med sine krav om vekst, effektivisering . Vi hadde jo jappetida med skyhøge renter i slutten av 10året. Dette var berre forsmaken. I kraftforsyninga vart det leiarskifte, sivilingeniørane som satt på topp som direktørar og avdelingsleierar vart sett til side og blåruss , handelhøgskule og BI folk fekk ein nye boltreplass. No vart det populært med samanslåing av selskaper , nye forretningsområder som nett, altibox, kom sterkare og sterkare . Dette kunne jo gje meir og bidra til meir vekst i kraftselskapa enn det å vera berre eit  kjedelig selskap som hadde ansvaret for kraftforsyningen. Politikerane med Gro i spissen var i ferd med å undergrava 2 folkeavstemmingar og lure folket inn i EØS. Gyldne tider.

Ein liten fotnote om korleis dei gamle (siv)ingeniørane kunne tenke: Da vi på midten av 80talet skulle bytte ut 2 slitne Fransisgeneratorer frå 1918 , foreslo direktøren vår dengang at vi burde skru den eine forsiktig frå kvarandre og sende den ned som ei hjelp til landsbyer i Nepal. Det vart gjort og den låg i kasser på eit lager i Sauda. Om den vart sendt nedover veit eg ikkje, men tanken var skikkelig god, og sto for ein god tankegang, som å hjelpe folk.   Som ein kuriositet kan eg jo nemne at noverande direktør meiner at vi må gå laus å bygge ut verna vassdrag for at vi skal ha nok kraft framover(?!) .  Dette ser eg på som klare ytterpunkt av det desse to direktørane står/sto for.

Eg skal skriva litt meir seinare om mi ærfaring og oppfatning av kraftforsyninga i 1990 og utover.

For ein som har jobba med vasskraft i 33år så er det sjokkerande å sjå korleis blårussen og fri flyt folket har rana til seg arvesølvet vårt og overkjøyrer folket  bedrifter og heile landet med hensikta for å berika seg sjølv. Dei er jo sterkt rep på politikersida i dei største parti våre. Rett og slett ei store skam er det..og alt er jo pakka inn i «grønt» omslag. Synes ikkje det er rart at så mange av oss er såkalla klimafornekterar når ein ser kor mykje løgner som det såkalla «grøne «skifte består av. Her er det fritt fram å dytte milliardar inn i griske utbyggerar av både vindkraft til lands og tvilsame vindkraft til havs. Og no begynner det å  rasles med sablane om å gyve laus på verna vassdrag. Det å ta vare på naturen og nordmenns ve og vel vert lagt på vekta og funne  for lett i mot vanvittig «grøn» politikk. No er det snart gylne tider igjen for dei heilt store kremmerane og utanlandsk storkapital. Og det er klart at skal vi vera hovud leverandør av straum til EU som haukane i Høgre og AP vil, så må det jo byggast ut . Alt..kver sildrebekk og fossefall, i rør med det, igjennom skovlene på kraftstasjonane, så som straum ut på linjer og kabler ..helst da til EU, til fantasiprisar pr Kw..

Vi får servert bløffen om at det jo er utveksling (?) på utanlandskablane 95% ut 5 % inn (?)Dette er for dumt til at det fortener ein kommentar eingong. Vi treng jo meir kraft til batterifabrikkbygging. No skal den visstnok ligge i Mo i Rana. Ikkje så lenge sia skulle den ligge på Haugalandet , så på Sørvestlandet, og det var vel noken plasser austpå og lenger oppe i nord også. Skulle gje 1000 arbeidsplasser seier førsteministeren..Ka med dei mange 1000arbeidsplassene som vi allereide har i industrien, skal vi ikkje ta vare på dei ved å gje dei fornuftige straumavtaler. Nei da er det betre seier ministeren å satse på keiserens nye klede. Og det var denne ministeren vi stemte til topps i haust.

  Hvis vi hadde spolt åra tilbake til på 80 talet da vi behandla straumen som eit nødvendig gode for oss nordmenn, som det å ha vegar og  vannforsyning . Kraftprodusentane la straumforsyninga til rette for folket og industrien, akkurat slik som pionerane hadde lagt til grunn for 100-120år sia.  

Starten for meg som ein vasskraftarbeider var i 78. Har jobba med vedlikehald  på stasjonar, luker, røyrgater, dammer , linjer, gått rundskift på kraftstasjonar og  driftsentral . Variert og flott arbeid har eg hatt , hatt flinke oppegåande kolleger med skyhøgt arbeidsmoral. Har vært stolt av arbeidsplassen og syntes at vi gjorde ein god innsats i å drifte straum og nett til folk og bedrifter. Det har vært harde tak i felten i striregn og storm eller på ein kokande driftsentral når effektbrytere datt ut pga tordenvær og snøstorm la trafoer svart og linjer flate. Telefonane gløda pga feilmeldingar (under ein storm var det over 400).

Har lyst til å beskrive ein periode i mitt arbeidsliv frå 78 til 2011. Det kjeme etter kvart.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.