Blogg

I går under ein diskusjon om strømprisar , så dukka ordet slimål opp under topplokket. Ein slimål lever jo av åtsler , dau fisk ol som siger ned til den på djupet . Den liker seg godt på søyle (evje)botn. Våre vegar..slimålen og mine har kryssa kvarandre når eg har vore ute med line agna med makrell. I området mellom søylebotn og vanlig botn står det gjerne bra med fisk. Men kvaliteten på fisk som har tatt lineagnet, og som deretter sige ned søylebotn, står i fare for å bli uspiselig. Ofte når ein drar ein slik fisk over ripa ser ein at den er rimelig slunken. Då har slimålen krøpe inn i kroppsåpningane på fisken, spist opp all innmat men skinnet er inntakt. Ofte har eg opplevd at 3-4 slimåler , stappmette, har krøpe ut av kjeften på fiskenog fallt ned på dekket. Uapetittelig, javel, men det er nå eingong maten som  Myxine glutinosa (slimålen ) lever av .

Så hvis eg litt i overført betyding tenker at kongeriket har ramla  ned på søylebotn, så er det åtseletere der , hvis dei får sjangsen.

Må nesten sei unnskyld til slimålen , for den var jo høgt oppe på ei kåringsliste i 1982 over nasjonalfisken i kongeriket, etter eit stunt av Per Hafslund. Unnskyld for at eg tenker på  rygglause politikerar, lobbyister, direktørar og leierar  i  Statnett , NVE , OED, industriministrar frå Høgre, vindkraftutbyggerar, selskap som Trønderenergi, 5kolonistar i presse og styresmakter , når eg tenker på namnet ditt. Unnskyld!

Du gjere jo berre det du skal for å kunne leva eit hardt og tøfft liv der nede i djupet. Fisken blir jo utan innmat når du er ferdig. Det blir kongeriket også når dei andre eg tenkte på får holde på.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.