Leste om restaurant eigaren som ikkje ønska at bartenderane eller servitørane i lokala hans skulle ha synlige tatoveringar eller piercing . For som han seier det kan virka støtande på folk.
Har han eit godt poeng? Kanskje? Vi har vel alle vore på pub og bar der det nesten er obligatorisk for bartenderar og iallefall ha ein arm full i tatoveringar. Og vi reagerer heller ikkje negativt på det. Men det kan vel henda at hvis ..ein hadde
invitert fruen eller gubben , svigermor eller tante Klara med på ein litt finare spisestad, ein slik ein med små porsjonar , der du aldre blir heilt mett og du må innom ei burgersjappe for å bli skikkelig fyllt opp ,på vegen heim.
Og du har kanskje lest deg opp på ein fancy matrett som du skulle brifa litt med. Så hadde du iallefall glømt å brifa hvis det kom ei som var godt dekka av tatoveringar på armar og hals, og som kanskje hadde svingande store piratringar
i øyrene og når ho åpna kjeften så datt det nesten ut ein ring ifrå tunga hennar og ned på duken. Tante Klara hadde vel reist seg opp og ville gått ned til kjøttkakene på kaffistova.. Og for deg ein skikkelig
nedtur der du kanskje vart strøkje frå arvekartet (testamentet).
Nei intet vondt om tatoveringar og piercingar..men dei høyrer kanskje ikkje heime mellom kelner med stive fingrar , svarte kostymer,
dyrt servise og og damask. Hadde passa godt inn på ein brune pub, peanøtter og med musikk av Gravrust..meget godt inn.
Sjøl har eg ikkje tatoveringar og ringar på brøstvortene.
Eg fekk formaningar frå mor mi då eg drog til sjøs. Eg behøvde nesten ikkje å koma heim hvis eg kom heim med anker, hjerta eller mor sveisa inn i underarmen. Så det turte eg ikkje. Kanskje det er på tide med ein
no?
Iallefall , om det var det som gjorde at eg arva noken tusen etter nettopp tante Klara, det veit eg ikkje.