For ein som har jobba med vasskraft i 33år så er det sjokkerande å sjå korleis blårussen og fri flyt folket har rana til seg arvesølvet vårt og overkjøyrer folket bedrifter og heile landet med
hensikta for å berika seg sjølv. Dei er jo sterkt rep på politikersida i dei største parti våre. Rett og slett ei store skam er det..og alt er jo pakka inn i «grønt» omslag. Synes ikkje det er rart at så
mange av oss er såkalla klimafornekterar når ein ser kor mykje løgner som det såkalla «grøne «skifte består av. Her er det fritt fram å dytte milliardar inn i griske utbyggerar av både vindkraft
til lands og tvilsame vindkraft til havs. Og no begynner det å rasles med sablane om å gyve laus på verna vassdrag. Det å ta vare på naturen og nordmenns ve og vel vert lagt på vekta og funne for lett i mot vanvittig
«grøn» politikk. No er det snart gylne tider igjen for dei heilt store kremmerane og utanlandsk storkapital. Og det er klart at skal vi vera hovud leverandør av straum til EU som haukane i Høgre og AP vil, så må
det jo byggast ut . Alt..kver sildrebekk og fossefall, i rør med det, igjennom skovlene på kraftstasjonane, så som straum ut på linjer og kabler ..helst da til EU, til fantasiprisar pr Kw..
Vi får servert bløffen
om at det jo er utveksling (?) på utanlandskablane 95% ut 5 % inn (?)Dette er for dumt til at det fortener ein kommentar eingong. Vi treng jo meir kraft til batterifabrikkbygging. No skal den visstnok ligge i Mo i Rana. Ikkje så lenge sia skulle
den ligge på Haugalandet , så på Sørvestlandet, og det var vel noken plasser austpå og lenger oppe i nord også. Skulle gje 1000 arbeidsplasser seier førsteministeren..Ka med dei mange 1000arbeidsplassene som vi allereide
har i industrien, skal vi ikkje ta vare på dei ved å gje dei fornuftige straumavtaler. Nei da er det betre seier ministeren å satse på keiserens nye klede. Og det var denne ministeren vi stemte til topps i haust.
Hvis
vi hadde spolt åra tilbake til på 80 talet da vi behandla straumen som eit nødvendig gode for oss nordmenn, som det å ha vegar og vannforsyning . Kraftprodusentane la straumforsyninga til rette for folket og industrien, akkurat
slik som pionerane hadde lagt til grunn for 100-120år sia.
Starten for meg som ein vasskraftarbeider var i 78. Har jobba med vedlikehald på stasjonar, luker, røyrgater, dammer , linjer, gått rundskift på kraftstasjonar
og driftsentral . Variert og flott arbeid har eg hatt , hatt flinke oppegåande kolleger med skyhøgt arbeidsmoral. Har vært stolt av arbeidsplassen og syntes at vi gjorde ein god innsats i å drifte straum og nett til folk og bedrifter.
Det har vært harde tak i felten i striregn og storm eller på ein kokande driftsentral når effektbrytere datt ut pga tordenvær og snøstorm la trafoer svart og linjer flate. Telefonane gløda pga feilmeldingar (under ein
storm var det over 400).
Har lyst til å beskrive ein periode i mitt arbeidsliv frå 78 til 2011. Det kjeme etter kvart.