«Kronprins Haakon», Norges nye forskningsisbryter er på ærefullt oppdrag i beste Nansen/Amundsen ånd ,med ein masse forskere om bord, oppe i det kalde nord. I mangel på is her heime i juli mnd var det jo klart at
den måtte langt (nord) for å finna sitt rette miljø. Og de hadde sett seg tøffe mål, dei skulle segla til verdas norligaste punkt. Om det var nordpolen eller det magnetiske nord er eg ikkje sikker på , men langt nord var
det, sikkert Nordpolen ja. Men det meldes at det å hamla opp med Nansen klarte dei ikkje, han traska og gjekk heilt opp til 86 grader nord , medan isbrytaren til 1,5 milliardar klarte å komma til 85grader nord før den måtte melda pass.
Isen var alt for tjukk meldes det og «krompen» måtte gje opp, så skispora etter Fridtjof kunne dei sjå langt etter.
Då tenkte eg, (ja eg veit eg skal vera forsiktig med akkurat det) at det måtte nå nesten
vera ein liten strek i rekninga til dei 36 forskerane om bord. I alle fall den delen av dei som var/er klimaforskerar. Etter all «svartmalinga» derifrå (forskerane) skulle det vel vera åpent farvatn heilt opp til sjølvaste Norpolen…
? Ja for eg har ikkje høyrt anna enn at isen smeltar i rekordfart….eller? Ja ka veit no eg om klima og slikt..eg er berre ein vanlig mann. Nei det er vel best som regjeringa gjere å skriva ut ein masse grøne sertifikat og klimakvoter
for å redda verden…eller?