Blogg

Tenker på at det er ei stund til jul , og all den gode matborda som venter oss.  Heldigvis så har vi alle julaborda til å korte ventetida. Så vi får sikkert i oss rikelig med julemat både før og i høgtida.

Men her har eg fått slik merkelig sympati med alle dei rettruande i miljøspørsmåla. Dei rettruande som veit, heilt sikkert, at det går til hælv.. med oss og den litle kloden vår. Dei som får ei bekymra mine i panna når iskanten, CO2 og Johan Sverdrupfeltet , og norsk landbruk vert nemnt. Tipper at svevnproblema m/pillebruk  og andre dystre problem aukar for de.

Men no har dei som er ekstra lærde tatt grep. Såg at universitetet i Bergen skulle ha sitt  julabordet utan å ha kjøtt på menyen. Det vil visstnok bli vegetarmat for alle penga. Det er nok eit grep som i dei rette miljøkretsane som vil vekka stor begeistring og at det  sprer  seg . Zero,  Zefyr , Natur og ungdom, Naturverforbundet og andre andre som er rettruande (når det lønner seg) vil ta opp steikespaden og brune vegetarburgerar godt på båe sider før servering. At Bellona er med i vegetarbølga er eg ikkje sikker på for Mr Hauge ser unekteleg ikkje heilt ut til vera i dei innerste kretsane av vegetarelskerar.

Eg synes nesten synd på miljøfiffen som på julekvelden skal prøve å få litt smak ut av vegetarmaten, mens vi andre ser til at pinnekjøttet får det rette kokingstid og at svoren på ribba vert som ho skal vera.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.