Blogg

No er det 50 år sia at vi vann over høgrekrefter, eit arrogant AP, Akersgata med alle sine aviser som var for, dommedagsprofetier ..hvis ikkje.., og vi stemmte nei til å bli innlemma i unionen.

Reidar B, Terje L og eg hadde vært på Molde Jazzfestival om sommaren og laga ein sang «Ka i hælvete skal vi med EEC, trur du det blir no bedre for det..» osv. Vi sang den og andre friske viser imot unionen og spilte på Tamaen så det kvein i gamle strenger. Reidar spilte munnspill så han blødde i munnen. Og på fjellstua over Molde by brølte Fred Åkerstrøm «Leve Revolusjonen» på nattjammen med heilt sikkert over 3 i promille.

Det var ein knallfine sommar ..siste sommar som ungkar og vi tok han heilt ut. Hausten vart og om mulig enda bedre som toppa seg med eit Nei til EU...

På heimefronten i Odda venta skiftarbeid med gode arbeidskollegaer og på ettermiddag var det øving med bandet Antabus...

I Odda var det vel ikkje ein (som eg kjente) som var for å melde seg inn i unionen. Og om det var ein og annan så holdt de klokelig kjeft, sjøl om de følte at de måtte støtte AP pampane.

Heime var det like eins. Mutteren og fatteren hadde stemt AP heile livet men tilhørigheteen fekk seg eit skikkelig skot for baugen og dei var Nei stemmerar på sin hals...

I gater og på torg var det holdt Nei og JA folket appellar, i landets einaste Tvkanal var det mest for..Oslofolk og folk fra andre storbyar slapp lett til med sine ja, stanpunkter.

Husker pila som på valgnatta som svingte i ett sett. Først på kvelden, til trampeklapp frå ja sida , sleipe høgrepolitikerar , AP pampane, og Akersgata til eit befriande Nei i 01 tida.

Trur eg skulle på jobb på morningen, så det blei lite feiring...men vi tok det igjen seinare.

Malurten i begret er at vi, trass eit nei også i 94 slåss imot dei samme kreftene idag. Dei kreftene som har lurt oss bakvegen inn i unionen.

 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.