Ikkje greit å vera menneske i dag. For ett år sia var vi høgt oppe etter valgseier til dei partia som eg (vi) hadde tru på, men viktigaste var at Erna og gjengen hennar vart vist ut av regjeringslokala.
No skulle det vera slutt på logringa for EU. Det hadde vi Vedumen sitt ord på. Og sjøl om vaske og ryddejobben etter Erna har gått greit i mange departement, så har det svikta katastrofalt i energipolitikken. Kanskje ikkje anna
å vente når AP blir styrt av ein millionær frå beste vestkant og han omgir seg jo med de mest ihuga EU tilhengerar og folk som går med grøne plagg framfor nasen. I regjeringslokala har den nihala katten kvint i gjennom
lufta og forandra Vedumen så ein nesten skulle tru at han hadde fått fleire hjerneslag...iallefall drypp. Løva vart rett og slett til ei mus..Ei trist oppleving.
Trist er det også at venstresida,
isteden for å samarbeide, rett og slett har krangla seg imellom . Om Raudt og SV som og er motstandere av å bli medlemmer i unionen og EØS tilsammen nærmer seg AP på gallupp begynner å bli ein maktfaktor, så er de
ennå for små til å bli den heilt farlige utfordraren til høgrekreftene og EU folket. SV har også vist at de sluker alt for lett argumenta for havvind. Eit høreparti som FRP har vist betring i sitt syn på Acer og
Eutilpasning. Men kan vi stole på de..neppe. Det blir som med SP...veien opp igjen blir lang, og det må nok nye, truverdige folk til...men finnes dei?
Av dei partiene , Venstre, MDG og KRF har eg faktisk
mest tru på Bollestad og sistnevnte...men det er ei svak tru.
Vi treng ein sterk bevegelse imot ACER, mot EØS mot toppane i AP og imot Erna. Klarer venstresida det?..Ikkje utan hjelp . Kanskje eit
framandstormande INP kan vera løysinga og/eller hjelp?
Som Pekkja vart eg også imponert av ein av debattantane i Solvangs strømdebatt. Kledd i arbeidsklær, ute på sin arbeidsplass
var INP sin representant som eit friskt pust mot glatte politikere i den debatten. Her var det ingen ferdigskreve debattinnlegg som blei servert..det han sa kom rett fra hjerta..Det skal bli spennande å følge INP framover. Dei står for ein
politikk som iallefall fenger meg.