Blogg

Ka er det med svaner og hvalrosser som gjer at de legg beslag på båthamner og badeplasser og gjere livet for oss homosapiens utrivelig og utrygt. Er ikkje vi på toppen av næringskjeden og bør ha den apsolutt makt i ei båthavn eller på ein badeplass? Men det gjere  svaner og hvalrossar fullstendig blanke i. Husker havnesjefen i Os og nå Freja i Risør. Dei breier seg og held oss..oss menneska for narr. Havnesjefen ved hjelp av sitt sinne, lange hals og bitt. Freja med sine siestaer midt i solsteiken på travle hamnar på Sør østlandet.

Børretsen hata måker. No er det nesten ikkje måker og svartbaker igjen her vest. Dei er visstnok dratt til grønare strøk som hovedstaden. I vår grønne hovedstad er jo eksosfri og sikkert eit eldorado for måker som skriker ..»skal ha..skal ha». Ikkje at eg sakner de så veldig..berre litt.

Og ikkje kan eg vel sei at eg hater svaner..då fell vel halvparten av mine FB vener bort. Hvalrossar har eg ikkje noke forhold til ennå..men det kan vel komma det også.

Men det er jo synd på sør og austlenningane som også har ein masse politikerar som også skrik «skal ha skal ha» og som aldri gjer bort noke til den vanlige mann, sjøl om det visstnok var hans tur no. Dei burde jo hatt gjerda svartbakenog politikerane inne, så dei ikkje fikk gjera meir ugagn. Men nei no er det vel snart Arendalsveka og då samles dei rundt dogga kvitvinsglas og rekebord. Dit skal eg iallefall ikkje i ferien ...hvis det er sjangs for å treffa ein rikspolitikar.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.