Min utmerkede tannlege kjeme frå Latvia. Med meg liggande i stolen bada i godt lys, med munnen åpen, klar for det meste, bøyde ho seg over meg for å ordne det lille som er igjen av tenner. Ho
er suveren flink og før og etter boret gjekk ga ho meg også ein leksjon i Russisk, Ukrainsk og Latvisk etterkrigshistorie.
Ho fortalte at etter annen verdskrig var det mange sovjetrussere som fikk
emigrere ned i mot Svartehavet. Om det var som løn og påskjønning frå Stalin skal vere uvisst. Men i allefall dei slo seg ned i desse sørøstligaste provinsane i Ukraina- Her danna si einslags enklaver der det berre bodde
russerar og det vart snakka russisk og kun det på skular og ellers. Ein kan vel tenka seg at desse enklavane sto seg godt fram til oppløysinga av Sovjetunionen i 90. Då måtte vel dei starta å innordna seg det Ukrainske samfunnet
meir. Og ein kan vel seia at det Ukrainske naboforholdet til den russiske bjørnen aldri har vært heilt godt. Russerane har vel sett på seg sjøl som eit slags herrefolk i tilhøve til Ukrainerane (dette siste er mi meining).
Men iallefall har vel desse einklavane lagt press for ei lausriving frå Ukraina og klare for å bli russerar fullt og heilt. Og vi veit jo det har vært krig i regionen sia 2013 og det eskalerte no i slutten på februar.
Ho fortalte om vond strid mellom familiar som sto på den eine eller den andre sida i konflikten . Om ikkje å ha kontakt med onkler og tanter i Russland som var Putinfrelste. Krigen har nok øydelagt meir enn liv,
skular, hus, boligblokker og infastruktur i dette store land. Det har øydelagt familierelasjonar, familiar og for forbindelsar på tvers av landegrenser der nede. Og i naboland til konflikten er det vel ei kjensle...er vi nestemann?
Vel heima igjen og med ein bedøvelse som er på utgåand , så tenker ein på ka en sjøl veit om desse landa. Ikkje allverden. Ein har jo lest sin Singer om forteljingar frå jødefamiliar
som budde i dei forskjellige delane av dette svære landet. I Kiev var det heile bydelar befolka med jødar. Men det var før ein annan jævel (Hitler) fekk herja . Kor mange som er igjen og kor mange som er emigrert etter annen verdskrigen,
veit eg ikkje. Ukrainerane og folka rundt er hardt prøva. Eldre folk seier at Putin hæren fere verre åt enn ka Hitler gjorde...berre det.