Blogg

Helga  for 20 år sia dundra Sleipner opp på den Store Blokso. Eit skjær utan lys som ligg midt i eit av dei mest traffikerte skipsleiene i fedrelandet .  På denne fredagskvelden mista 16 menneske i alle aldre, livet. Vi har hatt mange store skipskatastrofer også dei siste 50-60 åra , men dette var ein av de verste. Har sjølv tøffa forbi Stor Blokso mange gonger på eige kjøl , og fryse på ryggen kver gong. Tenker på at om det hadde vore eit lys på skjæret den fredagskvelden så hadde 16 liv vore spart, som 10åringen som var surra fast til flaggstanga med flagglina og som vart med Sleipner ned i djupet. Masse sorger og traumer som dei etterlatte hadde, hadde vore spart.

Ulukka fekk fart i å få nye sikkerhetsreglar til sjøs. Men for å få lys på Blokso måtte det eit tøfft kvinnfolk til, Flotte Irene Halseid rista i gamle stivbeinte og gjerrige reglar og «folk som har noke med det» og fekk endelig det etterlengte lyset på plass. Tipper Irene har spart mange liv og traumer på desse 20åra.

Vi , i bluesbandet Fifty Fifty hadde endelig fått oss ein spele jobb i Sildabyen noken dagar etter forliset. Vi kom til ein ein by i sorg , folk hadde vel meir enn nok med seg sjøl. Blues hadde de vel også nok av på den tida og trengte ikkje meir .

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.