Ikkje ofte at eg synes synd på kongehuset ..men eg må innrømma at eg har ein visse sympati for de når prinsessa drasser med seg heim denne figuren Durek (poulært kalla Durex) Verrett. Ari blir jo oppjustert til å
fortona seg som grå, normal og ein nesten svigermor sin draum til samanligning med ein slik figur. Ikkje at eg har lest meg for mykje opp på durexen, men eg har bete meg merke i at snurrebassen hans har laga avtrykk etter seg …og at han
har svar angåande årsak til kreftsjukdom. Den siste er vel at han har vore Farao og prinsessa hadde vore dronning i eit tidligare liv,,
Før i verda kvalifiserte ofte slike utsegn til eit opphald på ein eller annan institusjon
der dei hadde greia på slike folk og som kunne gje dei hjelp vidare. I nærområdet hadde og har vi Valen sjukehus som har vore til god hjelp når folk er i ferd med å tippa over frå normalen. Historia fortel at
når folk kjende på seg at noke var i ferd med å skje, så tok dei ein telefon til sjukehuset og forlanga å få snakka med overlege Lunde. Då slapp dei alle byråkratiske omvegar og Lunde kunne berre sei kom ..så
tok de ferga over fjorden og vart lagt inn.
Skal ikkje nevma namn og kor han kom ifrå, men historia fortel om ein slik kar som hadde hatt noken opphald på Valen sjukehus bak seg og som no kjende på seg at han begynnte og bli dårlig.
Han fekk Lunde i tale , som denne gongen berre kunne beklaga at det var fullt. «Men»..som mannen fortale seinare «sa eg berre kor eg kom ifrå og då fann Lunden plass til meg likevel .»
Så kanskje det vil bli
slik som på den tida, at hvis sjamanen tar nokenlunde til vett og ringer overlegen på eit eller annan sjukehus og får som svar at det er fullt..så har han esset i bakhand og berre seier han kjeme frå slottet så er det nok
plass likevel.