Blogg

Herlig, om enn litt gråe sommarmorgen. Tur, frukost og avislesing unnagjort. Radio på…reiseradioen.. gode programleierar, gode innslag men elendig musikk. Etter min smak. Switsje over til ein annan stasjon..der kjeme heldigvis Cooker med «With a litle help from my friends». Fantastisk musikk, i mi verd sjølve svenneprøven for ein blåe vokalist..(strevar med det ennå)  Klare du primalskriket til Cooker er du jaggu god og og kan trøstig entre ka scene det skal vera..

Å switsje frå gamle gode reiseradioen på P1 pga av musikken er rare greier.. Har alltid høyrt på det programmet. Heilt sia eg som 13-14 åring hadde sommarjobb på Skånevik Fjordhotel og tok vanntempen i sjøen (heilt i vassyta). Desse blei ringt inn til NRK og vart opplest i reiseradioen ..litt ut i programmet. Av alle badetemeraturane rundt omkring i landet så låg alltid tempen frå Skånevik høgt oppe. Kanskje pga av trikset med å måla høgt oppe i mot yta.  Litt måtte ein gjera for å få sommargjester til hotellet.

Men musikken på reiseradioen altså…Hvis NRK er på utkikk etter eit generasjons skifte på lyttarskaren , så klarer de det. Mange er forb… på DAB..ikkje eg, i alle fall ikkje når den virke. Då er det berre å skifta kanal, lynraskt. Spotify seier yngstemann i heimen.. Jo..jo bruker det også..men då hadde eg gått glipp av eit innslag om verdens største kaffekjele på Høylandet (3,4m *2 og som det går 350kg kaffe i) , ein sjømann frå Stord som har skreve over 3000 dikt.. det får du ikkje høyre om når ein er på Spotify..

Men 70 % av musikken på reiseradioen eller nitimen er horribel, synes eg.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.