«Nei…eg har ingenting å klage på « , var mitt svar når representanten for Fjordkraft ringte opp for å spørra om eg det var noke
å klage på, sia eg nylig hadde skifta strømleverandør til heimen. «Ingenting bortsett frå at dere er tungt inne i å bygga opp landbasert vinkraft». « Slutt med det og du skal sjå at eg kanskje skal
vurdera ein retur». «Ja men» seier representanten. Og startar oppe ein forsvarstale for svineriet. «Slapp av» seier undertegnede ..»Du klarer aldri å omvenda meg». «Eg har vore hatar av dette naturøydeleggande
galskapet sia tidleg 2000 talet, då min eigen arbeidsgivar Haugaland Kraft ,heldigvis, ikkje lukkast å bekle Karmøys vakre heiar med monstra». Representanten for Fjordkraft, sukka og ga opp, ønska ein god dag vidare og la på.
Eg hadde vore trufast imot min straumleverandør Etne -Elag i over 30 år..Men så hender det som i alle fall eg ser på som sørgelig. Småe
veldrevne Elag, eigde av kundane sjølv vert for småe (påstår dei). Dei må fusjonera med de store gutta som i dette tilfelle er BKK . BKK er på si sia inne i Fjordkraft og vips så er i alle fall ikkje eg trufast lenger.
Eg gjekk tilbake til min «gamle flamme» igjen , Haugaland Kraft, som har holdt sin sti sånn nokelunde igjen rein for å vera involverte i utbygging av monstermaster.
Eg oppfordre alle , vindkraft på land motstanderar, om å sjekk sine eigne straum leverandørar for å sjå om dei held sin sti rein.
Veit vi til eks om dei som leverer nett og telefontenestane våre er «reine»?.
Kanskje ein er i ein innkjøpsposisjon der ein kan sette krav
til sine leverandørar i varer og tenester.
Ein kompis av meg er i ein slik posisjon og han fekk skifta matvareleverandør til kommunen i ein større vestlandskommune.
Flott gjort, spør du meg, at folk sett trivsel , det å ta vare på naturen , og eit godt bumiljø inn i forhandlingar med sine leverandørar…
Ingen ting er vel ein slik «eyeopener» som det å kunne tape penger for kyniske pengefolk i forskjellige firma.