Blogg

Tenk om politikarar, teknokrater , sjefer for kraftselskap, direktørar for finans, Zerofolket, Bellona pluss andre verdsmeistrar på miljø hadde vore reinhårige og ærlige. (Noko som i seg sjøl jo hadde vore uttopi, for vi har jo for lenge sia passert einkver bananrepublikk med vårt høge korrupsjonsnivå). Men likevel tenk no at dei førstnemnde hadde jobba ut ifra det å først byggd 200m høge vindkraftmøller rundt der dei bur og jobber , Som eit levande og ærlig eksempel for først å kunne oppleva dette undret på kroppen FØR ein gjekk ut til alle oss andre med  dette glade bodskap.

Dei fleste bur vel i hovudstaden eller kanskje i Bergen, Trondheim kanskje? Iallefall så er de så skråsikre at det å bygge vindkraftverk vil vere til det beste for landet. Så skråsikre og ærlige burde de være at dei først bygde ut desse vindkraftverka , gjerne i aust/vestmarka , eller kanskje sett ei mølle på kver av dei sju fjell. Rundt Tyholdt kanskje?

Lakmustesten burde være slik at de fulle av besluttsomhet og påpgangsmot , etter å ha overlevd med slike vindkraftverk , i eit par år i nærområde, hadde tatt planene med seg ut i distriktsNorge for å misjonere sitt fantastiske budskap. (Før i tida tok utbyggerane med seg rikelig med brennevin ut til bønder og grunneigerar for å rane til seg fallrettar.) Men no altså ,var det dags for dei nykristna i vindkrafta si lukkelege verd sin tur til å spre det glade budskap......Eit stalltips herifrå er at det hadde blitt mykje vatn mellom båtane med ihuga misjonærar oppi. Men ærlig..ein slik misjonær skulle/burde vi lånt øyra til for han hadde visst ka han snakka om. Men igjen eit stalltips...det hadde ikkje vore noko å misjonert om.. Jernkolossane hadde nok vore demonterte og sendt nedover som u-hjelp...til stakkars folk i land som ikkje visste ka dei hadde i vente.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.