Blogg

Hei. Sender eit brev til dykk om min og mange sin meining om denne storstilte landbaserte vindkraftutbygging som regjeringa har gitt grønt ljos til . Eg og tusner på tusner andre er rysta inn til margen på at dette er igong. Vi ser på dette som det største overgrepet i mot landet ,som er gjort ,av noken styresmakter vi har hatt , noken gong . Det kan ikkje forsvarast på at dette er eit grønt skifte og at vi treng dette. Å påstå at å voldta utkantkommunar med å setta opp vindturbinar på oppimot 200m høgde, pluss km vis med anleggsvegar pluss støy, fugledød, utrivnad som dette fører med seg skal rettferdigjera at tyske , franske og andre utbyggerar skal kunne ta seg til rette for å tena penger er rett og slett umoralsk og tipper over til galskap i mine auge.

Ein må også huske på at så store sår etter anlegg i fjellområde er nesten som eit atomangrep å rekne. Ein kan ikkje bruke dette fjellområde ,som det skal brukast ,på kanskje tusenvis av år . Såra etter utbyggerane gror aldri..Og dette er svært så kortsiktig tankegong av denne regjeringa som på mange måtar er på utakt med sitt folk. Om få tiår er nye energiformer , som er milde imot naturen, dyrka fram, tilex.. jordvarme, solvarme etc. Vi på grasrota kan jo berre håpa på at sunn fornuft og ansvarlighet i regjeringa og styresmakter ovanfor sine eigne inbyggerar må kunne tella meir enn å tekkes Brussel og tysk og fransk storkapital .

Den som skriv dette er ein heilt normal nordmann, pensjonist, har 34 år bak meg i el kraft bransjen (Haugaland Kraft), har drifta kraftstasjonar og linjer, vore med å byggd ut småkraftanlegg, til og med vore med på prøvekjøyring av Hywind på Karmøy. Å bygga ut vår vannkraft har også sett sine stygge spor i landskapet, men det har vært tilgode for  oss sjøl, tilgode for industrien og landet. Det kan sanningas namn ikkje seiast om den vindkraftutbygginga som held på no. Det rette no er å stansa all vindkraftutbygging , iallefall setja alt på vent , til alle konsekvensar om slike utbyggingar ligg på bordet..Takk.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.