Blogg

Av og til så tenker eg om eg er i ferd med å bli eit dårligare menneske når eg

  • smile når AP , Høyre og dei andre EØS kåte partia mister oppslutning på ferske meiningsmålingar.

  • smiler når FRP vert avkledde i bompengedebatten

  • smile når KRF (utan Bømlo sin store son) og Venstre tipper under streken til sperregrensa på målingane,

  • at vi snart kan legga ned heile kongehuset når kronprinsen snakker varmt om å bygga ut vindmøller på land og prinsessa burde hatt ei rolle i ein Harry Potter film.

  • at vi kan legga ned heile Fylkesmannsordninga når Fylkesmannen går imot sine eigne innbyggerar i kommunar og fylke ..og går kapitalens sine ærend. (Som i Sør Trøndelag under den pågåande «krigen» imot landbaserte vindmøller.

  • at eg ikkje synes det bitten synd på fiskeoppdretterar som «mister» tusevis med tonn laks pga av algeoppblomstring. Synes synd på fisken då ,som må li og ikkje har ein sjangse i dei tette mærane. (Dei bør få oppdretta sine opp på land)

  • Synes det er dobbeltmoral av kommunane å ta imot penger frå denne stinkande næringa, hvis kommunane vil det beste for sine innbyggerar seier de er for eit godt miljø, men lar oppdretterane forsøpla fjordane.

  • når eg synes at MPG er for spradebassane og har ingen ting med god musikk og gjera.

  • Når eg får meir og meir poltikerforakt (topp politikerane)

  • Når eg synes at gamlelandet blir meir og meir gjønoprivatisert og korrupt.

  • Når eg kjenner fedrelandet blir styrt av EU og våre styrande politikerar synes det er heilt greit.. og det er liksom ikkje mitt fedreland som eg er gladi, lenger.

  •  

  • Er det håp? Er eg heilt ute å kjøyra? Bør eg emigrera? Solfrid seier eg må sjå meir på det positive i livet.. Kanskje eg må det. For å bevara vetet. For eg har jo eit godt humør...men det tære på.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.