Blogg

Før i verda betalte vi bilførerar , alle utan unntak, vegavgift. Og det vart byggd vegar..ikkje fantastiske, med naturmurar og fancye tunnellar..men det vart iallefall byggd sånn nokenlunde greitt. Så..var det noken glupe som fann på at vi skulle til med bompenger for å finansiere nye vegar.. Å ja vi her vest i Etne har betalt bompenger i mange mange år, på Åkrafjordvegen over 40kr takk kver veg, og det var før overhode vart tatt eit spatak på vegen..Noken av desse kronene fann vegen til diverse bruer nord i fylket som jo ikkje hadde noke med Åkrafjordvegen å gjera.. Slik kan politikerar og styrande gjera..for innkrevinga var ei god melkeku. Det var eit opphold i innkrevinga på ca ein mnd , då alt var nedbetalt , men bommen kom fort opp igjen for då var det Rullestadtunnellen som sto for tur. Allright.. den tunellen er vel og snart betalt...men den bommen kjeme nok til å stå til evig tid for den skal vel finansiere tunell fra Seljestad og 134en ellers. Og å flytte den bommen der han burde stå ..opp til Seljestad då..det tviler eg på.

Men altså bominnkrevinga...den har jo stege skyhigh..Som vanlig når politikerane får augene opp for noke så er det ikkje grenser på ka som skal kreves inn..Nok om det , det har vore beskreve opp og i mente og det skal bli mykje artig med eit sterkt bompengeparti i posisjon.

Men så er det ka alle desse (idiotiske) vegprosjekta som dukker opp og skal gjennomførras med direktepengene fra deg og meg (bompenger). Her kan du lure på om de er planlagde isolert sett og ikkje at vettuge mennesker set seg ned å ser på heilskapen . Til eks .Vegen Ølen til Ølensvåg.. den er stipulert til ca 80 mill. Hvis ein legg til dei vanlige stigningane i reknestykka så havner de vel på 100mill. Det blir flytta på hagar og svære murar skyt opp for at sykkel og gangstiar får plass. Eg unner Ølen og Vågsbuen skikkelige veg, men er det ikkje planlagt ein nye 134 trase 2 steinkast lenger opp i lia? Koffor i herrens navn ikkje bruke 80(100) millionar på den traseen, byggd sykkel og gangsti og ein masse av og på og avkjøyringar på den vegen. Når de hadde klippt snora på den vegen så hadde den gamle vore eit greit supplement og med ein mykje lågare trafikk. Som det er no så snur de oppned på heile Ølensvåg senter og dei set snart i gång med nye veg sørover opp Frønsdal.

Planen for nye 134 frå Bakka til Solheim er jo lagt og bør forserast, istadenfor får ein desse idiotiske fordyrane vegane (etter mitt og mange sitt skjønn) Nå skal de og snart til med å bygge ut Mørkelikrysset..Eg påstår at det ikkje hadde vore nødvendig, iallefall i den utstrekning som er planlagt , hvis 134 hadde blitt byggd snart. Den vil jo gå dei same 2-3 steinkastene oppe i lia.

Joda eg veit at vegen Ølen -Ølensvåg har vore planlagde i mange 10år og at Mørkelikrysset er farlig som det er no..Men kan vi ikkje bruke innsida av hovudet når ein planlegg vegane våre? Og..dei glupe , dei kjøper EL bil og er gratispassasjerar både på veg og ferjer...Forstå dette også, dei som kan.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.