Eg blir sjelden eller aldri reisesjuk eller sjøsjuke ol. Om eg har vore sør for Grønland i orkan, i sterk storm på Statt eller i stiv kuling i liten båt så har magen oppført
seg upåklagelig bra. Men no i dei siste åra har eg kjent ein gryande kvalme og det når eg sitt stille og rolig framfor Tven. Og den vert sterkare og sterkare etterkvert som det kjeme kjente politikarfjes innom skjermen.
Så no har eg tenkt å gå ned på «sentret» der vår utmerka apotekar held til. Denne apotekaren trur eg kjeme frå Tsjekkoslovakia og er dermed eit vellukka del av vår EØS avtale..som
mange av våre nye landsmenn er ..driftige og flinke.
Eg vil be vår apotekar om han ikkje kan lage noken tabletter i mot kvalme ..til bruk framfor Tven. Tablettane må vera såpass sterke at
ein ikkje trenge tredobbel dose når tre av dei mest ferme regjeringspolitikerane set sitt stevne samstundes, då ein helst bør ha ein 65tommar widescreen skjerm...det må klara seg med berre ein dobbel dose.
Valkampen er starta og millionæren frå det største opposisjonspartiet..bør vi kunne «svelga»(i dobbelt forstand) med ein halve pille..
Ennå eit ønske
om det kunne la seg gjera er å finna opp ei pille mot politikerforakt..eller kanskje helst ein vaksine. Men dette er vel å forlanga for mykje av denne flinke fyren frå Tsjekko.
Men klare vår
kjære apotekar dette så bør vegen til ein pris frå dynamittharry vinka der framme.