Kan ikkje for det men eg synes det er stas at barn og ungdom no idag streiker for klimaet, Ikkje det at eg er heilt enige med de i denne konsekvente klimapolitikken som dei streiker for, eg er jo berre ein gammal gubbe
som er sta, egen og har diesel som eit alternativ til blod til å fylla opp årane mine med. Nei eg er stolt over ungdommen som sett ned foten og seier at nok er nok. Og eg trur at dette er ein awakening for den generasjonen som om litt skal styre
og ordne både med oss og med vår vakre jord. Ein awakening som ikkje berre gjeld olje kontra andre energiformer..men vil smyga seg inn som ein langsom men store tsunami i all politikk. Dei vil starta ein nye trend som har lagt død i mange
tiår no..starta med å bry seg om ka styresmakter gjere, ka dei forskjellige politiske parti står for, ka samfunn vi skal ha. Dei vil ikkje la seg behandla som eit stemmekveg av politikerar som distansere seg meir og meir frå folkeviljen.
Dei seier at nok er nok no og kjeme til å seia at nok er nok i framtida. Høyrer på radioen no at politikere er litt shakeye og som er litt rysta. Dei meiner jo det at ungdom ikkje skal streike, dei skal sitte på skulebenken og lære
seg å bli A4... Eg flire godt når eg høyrer dette..Stå på ungdom..vis styrke, ikkje la gamlinger på 40,50 og fossiler som oss bestemma framtida.