Marinbiologar brukar å vita ka dei snakkar om, ja ikkje dei som er «eigd» av oppdrettsnæringa då, men alle dei andre ..med reint mjøl i posen.
Som ein H.Røed som kom med noken intressante planer i eit lesarinnlegg.
Han meinte vi måtte leva av våre fiskeressursjer også i framtida, også etter oljealderen. Han trekkte
fram Japan som tapte i sist verdskrig ,men som etterpå sto som vinnerar i å presentera sin fiskemat for resten av verda. Om ikkje alle likar sushi..så er det tilstrekkelig mange nok som betaler nesten ka det skal vera for rå fisk til
at dette er ei næring som er skikkelig stor. Før krigen hadde japanerane ein svær havgåande flåte som forsynte næringa med råstoff. Men etter krigen fekk dei restriksjonar på fiske (som den tapande part i verdskrigen).
Dei fekk kun fiska i sitt nære havområde. Japanerar er flinke folk, dei kan meir enn å lage Corolla og gode motorsyklar., så dei tenkte nytt. Eller rettare sagt dei tok med seg den gamle gode ærfaringa at fisk held seg nære
gamle skipsvrak. Her er det beskyttelse for den mindre fisken og eit naturlig samlingspunkt for allslags fisk. Dermed starta dei ei store utbygging av kunstige rev. Mange skipsverft har gått over til å bygga slike kunstige rev. I dag er 10% av
den japanske havbotn som er grunnare enn 200m dekkt av slike.. Mykje av den japanske fisk kjeme derifrå. Dette må jo vera eit columbiegg for mange av norske verft og verksemder som idag slit når olje alderen ubønnhørlig nærmer
seg slutten. Og ..og ikkje minst, krokfanga fisk er langt å føretrekka i mot trålefanga fisk som gjerne er pakka saman og nærast øydelagt før den kjeme opp på dekk. Trålposane fangar også fisk som berre
blir dumpa som uegna menneskeføde.
Og å heller satsa på dette kunne ein avvikla oppdrettsnæringa med all forureinande medisinering og avfall. Eller iallefall fått den opp på
land . Reine fine fjordar ..masse fiskeindustri ville vakse fram. Ein vinn vinn situasjon også for norsk verftsindustri.