Å bygga ut E39, med bru over Bjørnafjorden , kostar noke uhoveleg. Høyrte snakk om 340 milliarder. Då blir det også sikkert det , pluss noken 20-30milliarder, før den blir ferdig..bruker
å bli det. Det er visstnok brukt 1,5milliarder til no berre på planleggingsstadiet. Så kan ein jo lura på kor mykje cocnacar,kanapear, hotellopphald, flyturar ol som er gått med for å få ein såpass store sum
allereide.
For planleggarene har vel vore rundt omkring i verda for å sjekke ka bru som skal passe best. All teknologien for å kunne bygga som dei har planlagt ,er slett ikkje på plass.. Men
dette er berre ei pølse i slaktetida..for det sikkert ein skog av konsulentselskap som er i sving med planlegginga. Og den eine planen slår nok den andre ihel. Men det gjere ingenting..politikerane har slått på det grøne ljoset
og kranane til røyra til vår felles statskasse er skrudd opp. Her er det berre å bruka, berre politikerane får skriva forbokstaven i for og etternamn i betongen øve Bjørnafjorden. Alt anna, om det er europavegar som 134
og som ser ut som ein krøttersti , er heilt underordna.. E39 er prestisjeprosjektet over alt anna, ei hellig ku , som det skal brukast det som trengs på. Og etterpå blir nok Vestlandet sett på vent ein 20-30 år ellers....vi får
jo bru!!
Når det gjeld planlegging av store prosjekt så kjeme eg på salige Sivert. Sivert var ein eldre artig kar som heldt til i Orkdal. Han var garbrukar og grunneigar til ein lakserett som
vi fiska på. No var han oppe i åra og hadde overlevert garden til dattera og mannen. Pluss han hadde hatt ein gard på Hølonna som også var overlevert til etterslekta. Sjøl satt han igjen med ein gammal Fiat...men alt ialt
gjekk det greit sa han , han hadde jo humøret. Sivert vart ein god venn av oss og han hadde utallige historier som vi flira av.
Akkurat på den tida dreiv de å byggde ut Orkla og området
rundt..Masse kraftstasjoner både her og der, med damannlegg. De var plikta å ta vare på laksen så de hadde byggd strømbryterar på dammer, spisse spyd som laksen skada seg på når han tok fart og hoppa opp i neste
dam . Vi, Sivert, oss og resten av fiskerane var forbanna på dette og kunne ikkje forstå at de hadde klart å få til noke så dumt.
Sivert hadde forklaringa på dette: «Dæm
va jo borti Canada for å lær sæ kossen dæm skull lag til damman. Men dæm va så full dæm huska itt ingenting, når dæm kom att.»
Kanskje Sivert hadde rett...
Vi får nok følge nøye med når brua skal bygges.