Blogg

Alle, eller iallefall nesten alle, nordmenn sin høgaste draum er å eiga/ kunne nytta ei hytte.. Vi ser for oss ei raumåla lafta ei, aller ei moderande med store vindusflatar ut imot kvite freistande vidder der er dvergbjørk og rypespor eller der det er blank sjø, og ei kvite jolle dupper utmed flytebrygga.

Sjøl har eg og min fam. vore heldige at eg har jobba i eit firma som hadde fleire hytter av ulike størrelse og med ulike beliggenhet og utstyr.. som vi for ein billige penge kunne låne. Vi slapp alt strevet med vedlikehald, og det å holda penger i denne draumen. Det er jo eit skikkelig løft for den vanlige nordmann å kunne leve ut denne draumen. Hyttene har jo også vakse seg ein 20-30m2 større, blitt mala i kvitt og svart inne, blanke kvitevarer, straum og innlagt vatn er sjølsagt.. Det er gjerne badstu og flislagde bad og gulv. Varmen blir slått på med apper på mobilen.. No er det nesten ingen lenger som må måke eit par timer for i det heile tatt å komma inn, for så å fyre opp i ein gammal jøtul.. Tempen skulle opp og det starter gjerne med minus 5 inne og etter 4-5 timer så bikker den pluss 15. Når ein la seg var det gjerne opp imot pluss 30 på hemsen.. Ein sovna inn bada i svette , men måtte gjerne opp i 4tida på morningen for å ligga innpå meir ved. Vatn var ein gjerne ute i bekken å henta..eller når det var riktig kaldt så var det å smelta snø. Men dette var jo som det skulle vera og som gjorde det store skilnaden frå den komforten ein hadde heima. Hytteselgerar og kjøperar fnyse av dette i dag.. I nye hytter i dag er det som sagt temperaturstyringar og ellers så er det flottare og meir fancy enn det er heima.

Prisforskjellane er vel sånn som dei skal vera..frå noken hundre tusen for ei lita lafta med nostalgi, til 5-6 mill. for eit palass med eigen garasje og som ligg i dei mest dyre «hyttegettoane» høgt til fjells, gjerne i gang avstand til skitrekk..

Alt dette er vel som det skal vera...og vi som ikkje bur så langt frå 134en ser straumen av bilar, med skiboksar på taket som hastar forbi mot fjellet torsdag/fredag og med retur søndag ettermiddag. Avstand frå Stavanger/Haugesund til hyttegettoane på Vågsli er vel 2,5 -4 timar pluss ferje (dei frå Stavanger) ganger 2 for returen. Altså ein skikkelig tur/retur for å nyta herligheta. Slitne folk som henger i den berømmelige stroppen , for å halda hjula igang økonomisk, klare gjerne ein liten skitur på lørdagen og klarer å helle i seg ein 5-6 liter med pappvin før de må heim igjen på søndagen.

Legge ein til kranglande born og pissetrengde bikkjer i baksete så er det vel som det skal vera ..eit tøfft liv. Men dette er som regel unge, aktive folk som tåler dette, sjøl gjorde vi det også..før i verda.

No når vi er blitt eldre , ungane ute av baksetet forlengst, men dei pissetrengde bikkjene er der ennå, så går vi turer nedfor mange av desse heilt greie hyttene ved sjøen. Då lurer vi..det er jo svært lite folk som bruker hyttene sine. No i vinterferien er flaggstengene uten flagg og vimplar. Småbatane ligg nedpakka på land..det er rett og slett ikkje liv. Ingen røyk som kjeme ut av pipene, ingen leikande barn utafor, ingen fedre som prøver slukstanga frå bryggene. Kor fanken er folk hen? Ikkje så ofte der var folk innom å skapte liv der i sommar heller..og då hadde vi den sommaren. Men no..i vinterferien, har eigerane enda fleire hytter som kanskje ligg i Vågsligettoen? Synes dete er litt trist at det med ubrukte tomme hytter no i ferietida. Har sett det austpå også. Seig, for noken år sia , i påska, i nydelig vær ,sørover,på veg heimøve, i nyinnkjøpt båt, forbi Arendal, gjennom Blindleia. Passerte ein skog av vakre hytter, noken med kvite korallsand utafor. Hytter på sjøtomter som låg nydelig til, Men det var tomt.. ikkje eit menneske var å sjå. Måtte nesten heilt til Kristiansand før ein traff noken sørlenningar som var ute med garn.

Dette er altså det norske hytteliv.. Noken har jo gått gradene , har hatt mange overnattinger i besteforeldrene eller sine foreldrene sine litt enklare hytter og som no vil ha si eige hytte. Klart de vil det. Og det er koselig i ei hytte om ho er 30m2 eller 90m2. Ingen tvil om det.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.