Vi kan slå fast at vår eigen etteretningorganisasjon neppe har mange elegante George Smileyer eller James Bonder i sin midte..Det må rett og slett stå dårlig til med spionrekrutteringa til
PST.. I årevis har de hanka inn vanlige folk som skal løyse etteretningsoppdraga for seg , der øve i Ivans rike. Finnmarkinger er jo sjølsagt populære..sleppe store reiserekningar derfrå.
At dei også har forsøkt å bruke hordalenningar der også er velkjent. PST har streva med å få trauste betongbilsjåførar frå Ølen Betong til å løysa lugubre oppdrag oppe i nord.
Derfor har sjefen frå Ølen Betong vore «persona no grata» i Russland fleire år. Som firma har dei sjølsagt tapt store penger på å ha spionanklage øve seg og deira ansette i Murmansk har blitt forhøyrde
og plaga. No har Ølen Betong anmeldt PST og den norske stat for tapt arbeidsforteneste. Skal bli morro å følge utviklinga utøve våren. Men eit tips herifrå er at den norske stat kan dette med korrupsjon, så er redd
at dei berre rister av seg ansvaret og det heile blir kokt ned til ingenting. Men flaut er det og det gjere ikkje saken bedre for PST at den stakkar finnmarkingen som er arrestert der borte , som har lagt alle korta på bordet og som blir vist fram med
javne mellomrom for å få forlenga fengsling.
Minner også på om han som blei bortvist frå Stortinget anklaga for spionasje, men som reiste heim austøve som fri mann då
det var «intet at bemerke»..
Nei det er ikkje mykje eleganse øve PST i desse sakene..Men spionasje og etteretning er vel «skitne» saker.