Ei heilt normale forkjøling…er slett ikkje noken spøk . I alle fall ikkje for dei som går på vidaregåande, for her skal det nesten vera 0 skoft. Noken sjukedagar som ikkje er dekka av legevitjingar kan nesten føra
til utvising , tap av stipend og lån og øydelagde framtid :
Måndag: Marcoen , etter å ha jobba praksis,kjende ein gryande gjøyande hoste. Men sleit seg ut i Volvoen , kjøyrde 8 mil inn til hybelen i Sauda.
Tysdag: Sveitta og hosta seg igjøno ein skuledag.
Onsdag: Ga beskjed til læraren om at han ikkje kom og ville heim for å få sjukemelding . Køyrde 8 mil i snøstorm og i eit jævlig føre , attende
hit. Gjekk til legen . Denne legen syntes ikkje det var noke vits i å gje guten sjukemelding…så sjuk var han nå ikkje. Marco køyrer 8 mil på dårlig føre , til Sauda igjen, vil prøve seg på skulen
dagen etter for sjuke var han etter legens påstand ikkje..
Torsdag: Går på skulen men læraren ville ikkje ha han i klasserommet, han var jo sjuk, hosta og forstyrra dei andre. Så ho sendte han heim. Guten køyrer,
8 mil attende hit går ned til legekontoret med den beskjeden at læraren ikkje ville ha han i klasserommet. Får beskjed om å komma seg heim, så skulle dei sende sjukemelding. Guten går rett til sengs.
Fredagen:
Kl 11 det ringer frå Øre, nese hals på Haugesund Sjukehus med beskjed om at guten har å innfinna seg på sjukehuset kl 1345. Vi…Hæ! Er det nødvendig då? Det er jo berre ein forkjøling. Og
det er jo 12mil t/r kjøyring. Dette må sjekkas opp nærare..Heldigvis var dette feil , noken hadde trykkt på ein feil knapp nere på legekontoret ,og vi kunne ut å skru av motoren på Volvoen som var under full oppvarming.
Guten går sleten opp trappa att for å legga seg under dyna. Er jo kjekkt å køyra bil med nytt sertv. , men kanskje ikkje når ein har feber.