Fekk brev frå kommunen at eigedomskatten var stege til 10638,-. Altså opp ein tusenlapp frå i fjor. Før jul stod det i Grannar at kommunen hadde ei julegåve til sine innbyggerar ….eigedomskatten skulle ned. Men
no hadde Statistisk Sentral byrå flytta kommunen opp mellom dei store kommunane. I dei kommunane som , viss du sel eit vanleg husbankhus frå 70talet ..kan forventa å få frå 5 mill og oppøve. Det klarer du ikkje i Etne.,
For 4 år sia betalte vi ikkje eigedomskatt i det heile. Så det å betala ekstra over 10000 pr år er tøfft for vi som skal leva på pensjon..ja tøfft for alle.
Betale skatt må vi jo…felleskapet goder
vil vi alle ha. Verre er det når du høyrer at eit fåtall av oss,dei i milliardklassen ,får skattelette som det monner. Ein kan heller ikkje forventa noko anna heller , enn at kjøpekraft og levestandard til den vanlege
mann og kvinne vert redusert, når dei som styrer er så opptekne med å tekkes dei i miliardærklubben.
I desse dagar er Erna og dei andre i rikmannsklubben samla i Sveits for djupe diskusjonar om gapet mjødlo dei fattige
å rike på denne kloden…Latteren og gleden kviler nok øve dei vakkert kledde over at gapet er slik det skal væra..djupt og breitt.
I vårt lille land følger vi godt opp med å lage dette gapet breiare
og vondere. Rikmannsklubben som Erna og co verner slik om, styrer og eig snart alt som er vits i å eiga her i landet.. Og vi..vi kan berre stå med hatten i handa og vente på nye brev om skattestigning kor det no kjeme ifrå.